Reagerer sterkt på sidemålsforslaget

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skammeleg av Arbeiderpartiet

I dag kom programutkastet for 2015 frå Oslo Arbeiderparti. Med varaordførar i Oslo, Libe Rieber-Mohn (Ap) i spissen, vil dei sidemålskarakteren til livs. Det skriv VG. Mållaget, Målungdommen og Nynorsk kultursentrum reagerer sterkt.

LES OGSÅ: Éin av tre vil samla norskkarakteren 

– Skammeleg
– Det er skammeleg at programkomiteen i Oslo Ap brukar innvandrarane som argument mot at dei som veks opp i Oslo skal få læra nynorsk. Slik Oslo veks i folketal no, er det viktigare enn nokon gong at byer er språkleg integrert i landet Noreg, skriv Ottar Grepstad i ei pressemelding.

– Å bu i Noreg er å leva i eit samfunn der to norske språk er jamstelte. No brukar tydeleg mange i Oslo Ap norskkarakteren som eit påskot for å svekkja posisjonen for nynorsk, skriv Grepstad vidare, og påpeiker at Oslo Ap no ikkje stiller seg bak språkpolitikken Arbeiderpartiet forma då dei sat i regjering.

LES OGSÅ: Må klaga for å få nynorskbøker

–Unødvendig plage
Libe Rieber-Mohn seier til VG at Oslo Arbeiderparti ønskjer ein karakter i norsk.

– Det er eit faktum at mange elevar ser på nynorskopplæringa som ei unødig plage, seier ho til VG.

Ho viser til eit forsøk gjort i Oslo-skulen mellom 2004 og 2007, der sidemålskarakteren vart fjerna.

– Me såg at elevane presterte betre i norsk når ein fjerna den eigne sidemålskarakteren. I dag underviser mange i sidemål på ein slik måte at det framstår som ytterlegare eit framandspråk, seier Rieber-Mohn til VG.

LES OGSÅ: Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet

Tom retorikk
Leiar i Målungdommen, Karl Peder Mork, kjenner til forsøket som vart gjort mellom 2004 og 2007, han viser til eit anna forsøk, gjort på Holmlia Vidaregåande i Oslo i 2003, der sidemålet vart integrert i andre fag som religion og samfunnsfag. Resultatet var at elevane fekk betre karakter i sidemål, og vart meir positive til jamstellinga av skriftspråka.

– Det står igjen som den beste måten å gjennomføra nynorskundervising på. Eg tykkjer Rieber-Mohn bør sjå på forsøk til korleis sidemålsundervisinga kan bli betre, framfor å foreslå å fjerna sidemålskarakteren, seier Mork.

Han meiner argumentet om at mange elevar tykkjer sidemålsundervisinga er ei plage er tom retorikk.

– Eg tykte matte var vanskeleg på ungdomsskulen, men ingen argumenterer for å fjerna mattekarakteren, seier han.

LES OGSÅ: – Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

– Merkeleg
Også Noregs Mållag reagerer. Dei referer til det same forsøket gjort på Holmlia skule, ei ordning dei ynskjer å sjå nasjonalt.

– Etter fleire år med grundige og faglege vurderingar, landa styresmaktene på å halde på ordninga  med tre karakterer i norsk. Difor er det merkeleg at Oslo Ap no ynskjer å gå til omkamp på dette, skriv leiar i Noreg Mållag, Marit Aakre Tennø, i ei pressemelding.

Ho skriv vidare at nynorsk er fyrstespråket til om lag ein halv million menneskje, men at nynorsken ikkje vil overleva som bruksspråk med mindre fleirtalet er viljug til å læra seg språket.

– Difor er ordningar som minkar krav til nynorskkunnskap ikkje anna enn nedbygging av nynorsken, skriv Marit Aakre Tennø.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Ikkje eit dødsstøt
Til VG seier Libe Rieber-Mohn at dette ikkje vil vera eit dødsstøt for nynorsk i skulen.

– Nei. Det skal framleis undervisast i nynorsk, men det skal inngå i vurderinga som eit av fleire delmål i ein felles norskkarakter, seier Rieber-Mohn til VG.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

Mistar respekten
Karl Peder Mork i Norsk Målungdom er litt meir bekymra.

– Nynorsken som skriftspråk vil leva vidare der nynorsken står sterkast. Det som vil skje er at respekten for den språklege jamstellinga vil minka. Folk vil bli mindre eksponert for sidemålet, og når fleirtalet brukar bokmål, blir dei mindre eksponert for nynorsk. Det vil svekka stillinga som bruksspråk, og då blir nynorsken uviktig for mange, seier Mork.

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

Opnar for debatt
Oppdatering: I ein kommentar til NTB seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) at han ønskjer debatten velkommen.

– Eg synest det er veldig bra at også Arbeiderpartiet vil vera med på ein debatt om sidemålet, for etter mi meining fungerer ikkje sidemålsundervisinga bra, seier Isaksen til NTB.

Men han peikar og ut ei svakheit ved forslaget til Oslo Arbeiderparti.

– Og det er at elevar som er gode i hovudmål, men svakare i sidemål, risikerer å få dratt ned heile karakteren.