Reagerer på dubbing av nordisk barne-tv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fordummande dubbing?

Språkforskaren ved Universitetet i Tromsø meiner dubbinga er unødvendig.

– Ein ting er at dubbing, uansett kor godt utført det er, alltid fører til meir kunstig språkføring. Langt verre er det at denne praksisen fråtek sjåarane eit veldig godt høve til trening i grannespråkforståing, skriv Vangsnes på bloggen til forskning.no.

Øystein Vangsnes har tidlegare utfordra NRK på kva dubbing av nordiske ungdomsprogram kan føre til. Saka vart også debatt i Kulturnytt på NRK P2 tidlegare denne veka.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

– Og når ein ser på dei svara som blir gitt frå NRK Super og Walt Disney Comapany Nordic, mistenkjer ein at dei som står bak avgjerdene om dubbing for born og unge, veit svært lite om språkutvikling og språkstiumlering og at dei i alle fall i liten grad er medvitne om at praksisen deira har konsekvensar for nordisk grannespråkforståing på lengre sikt, skriv Vangsnes.

– Vi har inntrykk av at norske barn forstår svensk lettare enn dei forstår dansk, seier prosjektleder for dubbing i NRK Super, Joachim Ulrichsen til Kulturnytt.

QUIZ: Förstår du vad jag säger?

Noko også kommunikasjonsansvarlig for the Walt Disney Company Nordic, Linda Andersson, er samd i.

– Vi vil at vårt materiale skal bli så lett tilgjengelig som mogleg for dei som ser på. Om målgruppa er dei minste barna har dei som regel ikkje lært engelsk eller spansk og forstår ikkje svensk og dansk. Då er det naudsynt å dubbe, seier ho til Kulturnytt.

Les saka på LNK.no!