Reagerer kraftig på omsetjing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskversjonane av VG Nett og Dagbladet.no blei lansert måndag. Norsk Målungdom står bak både nynorskdb.no og nynorskvg.no.

– Me gjer dette fordi me vil at nynorskforbodet i nettavisene til VG Nett og Dagbladet skal opphevast. Me meiner det ikkje er nokon legitim grunn til at journalistane deira ikkje skal få nytta nynorsk på redaksjonell plass, forklarar leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård.

KOMMENTAR: På tide å oppheve det gamaldagse forbodet!

OPPDATERT: I løpet av tysdagen blei nynorskversjonen av Dagbladet stoppa etter at Lars Helle snakka med Janne Nygård på telefon.

– Heilt illegalt
– Det er ganske grovt, og eg reagerer kraftig på dette. Det er ein heilt illegal misbruk av innhaldet og logoen vår, seier Lars Helle, ansvarleg redaktør Dagbladet til Framtida.no måndag ettermiddag.

– No ser kanskje Målungdommen humoren i dette. Men det gjer ikkje eg, legg han til.

Helle seier han no vil vurdera å forfølgja saka vidare.

– Kvifor får ikkje journalistane dine lov til å skriva nynorsk?

– Det har med redaksjonell profil å gjera. Det er ikkje opplese og vedtatt at alle aviser i Noreg skal bruka begge målformene. Det er ikkje det at me ikkje liker nynorsk, men journalistane våre skal bruka bokmål. Eksterne folk slepp me til på nynorsk. Dagbladet har bestemt dette, og slik blir det. Me er ikkje ein etat i Kommunaldepartementet eller NRK, slår Helle fast.

– Første redaktøren av Dagbladet, Hagbart Emanuel Berner, var også med på å stifta Samlaget og seinare Noregs Mållag. Kvifor slepp de ikkje også til nynorsken?

– Det har vore debatt om dette i 142 år – me fyller snart 142 år. Men grensa går når Målungdommen misbruker logoen og innhaldet vårt.

Vil ikkje endra språkpolitikk
Ansvarleg redaktør for VG Nett, Espen Egil Hansen, tek det meir med ro enn kollegaen i Havnelageret.

– Frå tid til annan er dette noko som dukkar opp. Det er ikkje noko nytt. Eg meiner eg har sett utgåver på både koreansk og urdu. Om dette vil fremja nynorsken, veit eg ikkje. Er du nøgd med nynorsken, kanskje? spør han.

Nynorskversjonane av dei to største nettavisene i Noreg er omsett maskinelt ved hjelp av Apertium. Dette gjer at fleire ord, særleg samansette ord, ikkje blir omsett. Dessutan er det ein del tvitydige ord som kan bli omsett feil.

På spørsmål om kvifor journalistane i VG Nett får skriva nynorsk, svarar redaktøren dette:

– Me har ikkje noko nytt svar. Me skriv moderat bokmål, og kjem til å halda fram med det. Identiteten vår er knytt til dette. Men me tillet sjølvsagt brukarane våre å bruka nynorsk i alle brukartenestene våre.