Ravatn raga høgast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette var veldig kjekt. Eg hadde ikkje trudd det, då hadde eg tatt på meg kjole. Eg må få takka alle skulane og elevane som har lese. De representerer ein veldig innsiktsfull lesarskare, sa ein stolt vinnar, Agnes Ravatn.
Martin Oddøy Hestvik (17) frå Kristiansund vidaregåande skule og Eli Beate Sæther (17) frå Trysil videregåande skole delte ut prisen på vegne av elevjuryen på 150 elevar. Stemninga var elektrisk og Wergelandsalen på Litteraturhuset i Oslo fullstappa då vinnarboken vart offentliggjort. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre opna arrangementet.

I juryen sin uttale om vinnarboka, heiter det blant anna:

«Boka tek for seg det mest grunnleggjande i mennesket: Det store ønsket om å bli elska og frykta for å bli avvist. Og kva skjer om ein stolar blindt på nokon?»

LES MELDINGA VÅR AV BOKA!

I sin opningstale la kunnskapsministeren vekt på kvifor lesing er viktig.

– Dei gode bøkene seier noko som er allmenngyldig, kva det er å vere menneske. Det er gøy og spennande å lese, og ein veg inn i opplevingar. Det er bra de har påtatt dykk ansvaret med å dele ut Ungdomens kritikarpris. Det er sikkert ulike innfallsvinklar til å vere med, men erfaringar viser jo år etter år at prisarbeidet får opp leselysta. At ein ser at det å setje seg ned å lese kan vere gøy, spennande, utfordrande for tankegangen og opnar opp for ei heilt anna verd, sa statsråden til elevane i salen.

Dei sju juryklassene kjem frå ulike linjer på vidaregåande skular spreidd over heile landet. Åtte nominerte bøker har vorte lese og vurdert av elevane sidan november 2013, og det var harde og tøffe diskusjonar før vinnarboka vart kåra. Difor var det òg mange av elevane som kom med spørsmål til forfattarane når dei møttest til samtale på Litteraturhuset etter utdelinga.

Dagleg leiar i Foreningen Les!, Wanda Voldner, meiner Ungdomens kritikarpris er eit løft for det litterære Noreg:

– Stemma til ungdomane er unik, dei opnar opp korleis me tenkjer om litteratur. Ungdomens kritikarpris gjer den litterære offentlegheita større og betre, seier ho i ei pressemelding.

Prisen er eit portrettbilde av vinnaren, teikna av Siri Dokken. Vinnarboka blir kjøpt inn i 300 eksemplar og sendt ut til skulebiblioteka ved vidaregåande skular i landet.

LES INTERVJU: Alvorsprat med morosam dame

Faktaboks

NOMINERTE TIL UNGDOMENS KRITIKARPRIS

Lars Mørch Finborud: «De svarte skiltene». Gyldendal.
Nikolaj Frobenius: «Mørke grener». Gyldendal.
Roy Jacobsen: «De usynlige». Cappelen Damm.
Merethe Lindstrøm: «Arkitekt». Aschehoug.
Steinar Opstad: «Å, høye dag». Kolon.
Agnes Ravatn: «Fugletribunalet». Samlaget.
Øyvind Rimbereid: «Orgelsjøen». Gyldendal.
Jan Jakob Tønseth: «Prosten». Cappelen Damm.