Raudvin på nynorsk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor vedtok Vinmonopolet å innføre nynorsk skilting på om lag 50 vinmonopol i nynorskkommune, noko som er i ferd med å verte impliminert. No kan ein og kjøpe vin med nynorsk tekst på etiketten, for fyrste gong sidan Vinmonopolet vart etablert for 90 år sidan.

Økologisk
– Vinen er laga av økologisk dyrka druer, og har ein smaksprofil i samsvar med både norske ganar og norsk tradisjonsmat, seier Geir Eikeland hjå importøren Exellars i ei pressemelding. Vinen er laga på økologisk vis i ein landsby i Côtes du Rhône i Frankrike. Importøren har henta inspirasjon frå «Norsk Rødvin» som var den mest selde vinen i Noreg fram til 1998.  

–  «Norsk Rødvin» inspirerte meg til å lage ein heilt ny norsk folkevin, held Eikeland fram.  

LES OGSÅ: Vellukka nynorsk polferd

Norsk tradisjonsmat 
– Eg har lyst til at Nynorsk Raudvin skal vere ein katalysator for dei gode norske tradisjonane og medverke til å gjere nordmenn stolte av norsk tradisjonsmat. Det blir produsert nydelege råvarer i heile Noreg, vi ynskjer å gjere nordmenn stolte av norsk mat og norske sauer, kyr og griser, seier Eikeland.

Vinen kjem med fire ulike etikettar som alle er knytt opp mot kvart sitt dyr og kvart sitt entusiastiske, men likevel vanlege, menneske. Slik meiner Eikeland dei kan representere heile Noreg.

LES OGSÅ: Noreg er meir sjølvforsynt med mat

Deler ut matpris i 2013
Som ein del av Excellars si satsing på ein forsterka nasjonal matkultur ynskjer vinimportøren i 2013 å dele ut ein pris på 50.000 kroner til personar eller verksemder som produserer eller foredlar råvarer og som gjennom dette har medverka til å heve kvaliteten på norsk mat.

– Med Nynorsk Raudvin ynskjer vi å gjere nordmenn stolte av eigen matkultur, og vi vil derfor aktivt byggje oppunder menneske som hjelper til med å gje oss førsteklasses norske råvarer, seier Geir Eikeland.