Rask gåtur er sunnare enn løpetur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sunnare å gå enn å springa

Når ein tek omsyn til kor mykje energi ein bruker, så er rask gange meir sunt enn å springa. Det viser ei ny undersøking frå amerikanske forskarar, ifølgje den britiske avisa The Guardian.

Rekna kalori for kalori, reduserte rask gange risikoen for hjarteproblem med 9,3 prosent, samanlikna med 4,5 prosent for ein løpetur.

LES OGSÅ: Farleg å sitja stille

Risikoen for høgt kolesterol blei redusert med 7 prosent med ein rask gåtur, medan talet for ein løpetur var 4,3 prosent. Risikoen for å få høgt blodtrykk blei redusert med 4,2 prosent med ein løpetur og 7,2 prosent med rask gange.

– Dess meir løparane sprang, og gåarane gjekk, dess betre helse fekk dei. Folk er alltid på utkikk etter ein utveg for å sleppa å trena, men no har dei eit klart val om å springa eller gå for å investera i framtida si, seier Paul Williams ved Lawrence Berkeley National Laboratory i California til The Guardian.

KOMMENTAR: Spring for livet

Risikoen for å få diabetes blei redusert med 12 prosent både for dei som brukte å gå raske turar og dei som tok seg løpeturar.

Forskingsstudien brukte data frå 33.000 løparar og 15.000 gåande.