Rår Noreg til å ta imot palestinarar

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) bad sist veke om hjelp til palestinarane på Gazastripa. WHO omtalar situasjonen som ei humanitær krise. Bøna til WHO om hjelp førte til at norske styresmakter bad Helsedirektoratet finna ut av kva Noreg kan gjera.

LES OGSÅ: Gløtt inn til flyktningen

Reiseklare team
I eit brev til Helsedepartementet skisserer Helsedirektoratet fleire alternativ, skriv Klassekampen.

Direktoratet meiner at det «foreligger en humanitær krise på Gaza som har flere aspekter» og peikar på behov for medisinsk utstyr, avlasting av sjukehus- og helsepersonell. Direktoratet meiner at norsk økonomisk støtte kan vera eit «svært aktuelt tiltak». Vidare meiner Helsedirektoratet at Noreg kan låna ut helsemateriell frå eit lager som direktoratet disponerer. Eit anna alternativ kan vera å senda helsepersonell frå dei regionale helseføretaka. Desse kan inngå som team i to grupper og som står reiseklare innan 24 timer, føreslår Helsedirektoratet.

LES OGSÅ: Krev våpenkvile straks

Uklart
Det siste alternativet er å senda såra palestinarar til Noreg, men det er ifølgje Klassekampen førebels uklart om regjeringa ønskjer å gå for ei slik løysing. (©NPK)