Rafto-stiftinga kasta ut av Vest-Sahara

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kasta ut av Vest-Sahara

– Me vart vekt av sivilkledd marokkansk politi klokka 08.50 norsk tid. Dei nekta å identifisere seg, fortel Kristina Vågen Fiskum og Bjørnar Østerhus Dahle, til Støttekomiteen for Vest-Sahara, som først fortalde om saka i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Stans oljeleitinga utfor Vest-Sahara

Politi på vakt
Dei to kom til MarraVest-Sahara måndag ettermiddag og fortel at politiet oppsøkte hotellet dei skulle bu på kort tid etter at dei var kome til staden.

– Me veit ikkje kva politiet sa til verten, men me vart plutseleg fortalt at hotellet me skulle sjekka inn på var fullt. Deretter vart me følgt av hostellverten til eit nytt hotell, forklarar Dahle til Støttekomiteen for Vest-Sahara.

Òg på det andre hotellet observerte dei at politiet snakka med dei tilsette.


Biletet i midten skal vise politiet som opphaldt seg rundt hotellet deira i Marrakech til langt utover natta. Foto: Privat

LES OGSÅ: Omstridd oljeboring i Vest-Sahara

Femte par ut
Tysdag morgon var dei to delegatane frå Rafto-stiftingafrakta ut frå dei okkuperte landområda i bil. Dei forklarar at politiet konfiskerte passa deira, for så å levere dei attende ved ein grensestasjon på veg ut av byen.

Til Bergensavisen fortel dei to delegatane at dei er sjokkerte.

– Dei fortalde oss at me rett og slett ikkje var velkomne i landet. Me ba om ei grundigare grunngjeving. Det fekk me ikke, fortel Dahle til BA.

Delegasjonen skulle møte tidlegare Raftoprisvinnar Sidi Mohamed Daddach og representantar for hans menneskerettsorganisasjon CODAPSO.

Daddach vann Rafto-prisen i 2002, etter å ha vore fengsla i Marokko i 24 år.

I tillegg skulle dei intervjua dei saharawiske aktivistane om menneskerettssituasjonen og om kva dei meiner om den internasjonale og norske oljeindustrien i dei okkuperte landområda.

Det norske seismikkselskapet Seabird sin aktivitet i området var blant det som skulle diskuterast.

LES OGSÅ: Ungdomspolitikarar kasta ut av Vest-Sahara

Femte par ut
I 2005 vart dåverande leiar i Rafto-stiftinga Arne Lynngård kasta ut frå Vest-Sahara.

Ifølgje Støttekomiteen for Vest-Sahara er dette den femte norske delegasjonen som vert kasta ut av dei okkuperte områda i år.

– Myndighetenes overvaking og undergraving av det arbeidet me skulle gjere er berre eigna til å bekrefte historiene som våre saharawiske kollegaar fortel om. For saharawiske menneskerettsaktivistar verkar det nesten umogleg å drive vanleg organisatorisk arbeid, seier Vågen Fiskum til Støttekomiteen for Vest-Sahara. 

 LES OGSÅ: Folket som ventar

– Heilt uakseptabelt
Konstituert dagleg leder i Rafto-stiftinga, Solveig Moldrheim, reagerer sterkt på hendinga.

– Det er heilt uakseptabelt at to representantar for MR-organisasjonar som er der for å dokumentere situasjonen for menneskerettsforkjemparar skal verte kasta ut av Vest-Sahara. Me følgjer situasjonen nøye, heldigvis er Bjørnar og Dina i god behald, seier Moldrheim til BA.

I dag skal delegasjonen møta det marokkanske menneskerettsrådet i hovudstaden Rabat.