Puttar insekt i energibar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å ete insekt er både miljøvenleg og kan hjelpe til med å mate ei svolten verd, melde FN i fjor.

To gründarar frå Island har teke FN på ordet, melder Icenews.

Mate verda med insekt
For å handtere den venta folkeveksta i verda, må matproduksjonen doblast, ifølgje ein rapport frå FNs mat- og jordbruksorganisasjon (FAO). Organisasjonen gjorde i fjor ei omfattande undersøking av potensialet for å bruke insekt som mat.

LES OGSÅ: Difor forsvinn biene

Insekt er allereie ein sentral del av dietten til kring to millionar menneske. I den vestlege delen av verda er ideen nyare, men insekt kan vere både ei berekraftig og næringsrik matkjelde.

Sirissar i energibaren
Dei islandske entreprenørane  Búi Bjarmar Aðalsteinsson og Stefán Atli Thoroddsen leste rapporten med litt større interesse enn mange andre.

LES OGSÅ: Tjukk av triste TV-program

Det har resultert i ein energibar der det grashoppeliknande insektet siriss er proteinkjelda. Ifølgje gründarane har sirissar ein nøtteaktig smak.

– Folk må vere modige for å ta den første biten, men etter det vil dei innsjå at energibaren smakar godt og at det ikkje er noko å vere redd for. Siriss-mjøl har ein nøytral, nøtteaktig smak, men blanda med mandlar, kokos og kakao kan ein ikkje eigentleg smake så mykje av insekta, seier Thoroddsen.

Ifølgje gründaren har sirissar dobbelt så høgt proteininnhald som storfekjøt, omtrent like høgt kalsiuminnhald som mjølk, og lite feitt. Insekta inneheld også B12-vitamin og omega-3.

LES OGSÅ: Et insekt, redd planeten