Psykisk helse er viktig – ta vare på kvarandre

Rikke Næss
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 10. oktober var det verdsdagen for psykisk helse. Dagen der temaet psykisk helse vert snakka om, teke på alvor og diskutert.

Den eine dagen i året skulane og ulike organisasjonar held viktige føredrag, viktige gruppesamtalar og fokuserer på vonde og vanskelege kjensler.

Kjensler som ikkje er so behageleg å prata om i plenum. Djupe kjensler ein gjerne vil gløyma og gøyma bort.

Denne dagen er spesielt viktig for dei som slit med psykiske vanskar og lidingar – men òg viktig for dei som ikkje har so mykje innsikt og kunnskap om psykisk helse og lidingar.

For det er fint å kunna noko om det, slik at ein kan kjenne att symptom og dermed kunna hjelpa både seg sjølv og andre.

Alle har ei psykisk helse. Den psykiske helsa er so viktig. Viktig å tenka på, viktig å snakka om og viktig å passa på.

Det er lett å bry seg.Det er ikkje so vanskeleg å visa omsorg og omtanke.

Det er ikkje so vanskeleg å sjå kvarandre, om ein berre vil. Eit lite smil, eit lite «hei», ein liten klem eller eit lite komplement tek ikkje so lang tid eller energi. Og sjølv om det for deg ikkje verkar som at det vil bety noko – kan det bety heile verda for ein person. For ein person kan det vera nok til at dei kan leggja seg om kvelden og tenka at dei hadde ein grei dag. For akkurat du brydde deg, sjølv om det ikkje tok so lang tid. Akkurat du såg dei, og det var nok.

Ta vare på kvarandre. Snakk med kvarandre og hjelp kvarandre.

Det er lett å tenka introvert, å tenka på seg sjølv og korleis ein sjølv har det.

Og det er ikkje feil det heller.

Men eg meiner me må bli flinkare på å tenka på kvarandre. Vera ærlege med kvarandre, dela med kvarandre.

Det er lett for å kjenna seg liten og einsam om ein held kjensler for seg sjølv.

Det er lett å tenkja at kjensler går over. Men nokre gjer ikkje det. For nokon blir dei verre, spesielt når ein ikkje har nokon å dela med. Og her står ein i faresona. Det kan gå begge vegar. Det kan ende godt, men det kan og ende dramatisk.

Ein må alltid ha faresona i bakhovudet når ein ser nokon som har det vanskeleg. Ikkje ver redd for å bry deg – for me har nok av dei som ikkje gjer det.

Sist men ikkje minst; det er fullt lov å kjenna på smerte. Det er lov å vera lei seg, grina, skrika og vera full i frustrasjon og redsle.

Menneske har eit vidt spekter av kjensler. Kjensler som er behagelege og ubehagelege.

Sorg og angst er menneskelege emosjonar, emosjonar alle er fødd med. Og dei er lov å kjenna på. Men ikkje la dei ta overhand. Ikkje la dei styra deg – det er du som skal styra dei.  

Ikkje la psykisk helse bli eit tabutema.

Det er greitt å seie at ein har ein dårleg dag, ein dårleg periode eller at ein treng hjelp.

Å søka hjelp treng nødvendigvis ikkje å vera profesjonell hjelp heller; det kan vera lika lindrande og godt å få prata med nokon ein står nær, nokon ein stolar på, nokon vaksne, nokon som har livserfaring.

Ikkje ver redd for å kjenna etter. Ikkje la andre fortelja deg at du er oppmerksamheitssjuk fordi du fortel dei at du ikkje har det bra.

Ikkje hald vanskelege kjensler skjult og ikkje gøym dei.

Snakk om det – for ein får verkeleg ikkje snakka nok om det.

Verdsdagen for psykisk helse er ein dag med mykje merksemd rundt temaet psykisk helse. Men eg skulle ynskja at det ikkje berre var ein, men fleire datoar ein kan setja opp på timeplanen, der ein kan prata om psykisk helse og alt det inneber.

Anten so går det bra, eller so går det over – ein setning eg har høyrt og tenkt mykje på. Ein setning som er verdt å grubla over.

LES OGSÅ: Kan ein lika seg sjølv utan hundre likes?