Produsentar, samein dykk!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag denne veka kom Siv Jensens store baby, den fyrstefødde av ei rekkje planlagde avkom: «NOU 2015:1 Produktivitet – grunnlag for vekst og velferd», altså den fyrste delrapporten frå produktivitetskommisjonen eller Rattsø-utvalet. Rapporten er på heile 542 sider og såleis eit godt døme på høg produktivitet, om vi då ser bort frå dei rundt tretti menneska som har vore med å laga han.

Så kva er produktivitet? Du sit truleg i ein stol når du les dette. Stolen er produktet, måten stolen er laga på, er produktivitet. Di raskare og meir effektivt vi lagar det same produktet, di billegare vert det, og di rikare vert samfunnet.

Eit døme: For fire år sidan kom den fyrste elbilen som vart folkeeige, ein Mitsubishi. Han kosta i 2011 220.000 kroner, no kostar han berre 150.000. Di fleire produkt du kan laga, di billegare vert det sist produserte produktet, såkalla marginalproduksjon. Dessutan gjer vi ting stadig betre di oftare vi gjer det. Mitsubishi kan dimed seia opp eller omplassera arbeidarar, og dessutan kjem det stadig betre robotar som kan gjera jobben i staden for menneske. Så godt som heile rikdomen og velstanden vår er basert på at vi vert stadig meir produktive når vi lagar stadig betre produkt på ein stadig meir innovativ og nytenkjande måte.

Litt nytt
Det er måten vi produserer ting og tenester på, Rattsø-utvalet, etter leiaren Jørn Rattsø, er sett ned for å sjå nærare på. Rapporten må vel kallast eit lærebokprodukt; han er truleg meint for politikarar og byråkratar med ei viss interesse for korleis velstand vert skapt. For økonomar og politikarar med særleg interesse for velstand og vekst inneheld han neppe mykje grunnleggjande nytt. Utvalet ynskjer færre reguleringar, oppmykjing av tariffavtalar og arbeidsmiljø­lov, mindre landbruksstønad, større verksemder, meir sentralisering og ein forskingsbasert samferdslepolitikk, alt basert på kva som gjer samfunnet og kvar einskild arbeidar meir effektiv. Dag og Tid kjem i månadene og for den del åra framover til å presentera dei ulike delkapitla nærare. Her skal vi mest drøfta det teoretiske grunnlaget som kommisjonen og Rattsø ritar opp.

Det fyrste Rattsø strekar under, er at produktiviteten må underordnast samfunnsøkonomien, som avgjer den samla velstanden i Noreg. Eit døme han stadig kjem attende til, er oljesektoren. I mange år no har han hatt ein stagnerande eller fallande produktivitet. Slik er det av di vi har produsert dei enklaste felta – dei lågthengande fruktene – fyrst, og av di den høge oljeprisen har gjort oljeselskapa og politikarane likesæle og altfor viljuge til å gje dei tilsette stadig høgre løning­ar og betre arbeidsvilkår. Produksjonskostnadene på norsk side av sokkelen har difor vorte 90 prosent høgre enn på britisk side av sokkelen, der konkurransen er mykje hardare og politikarane mykje fattigare.

Framleis olje
Men jamvel om produktiviteten i oljesektoren går ned, vil det likevel vera samfunnsøkonomisk galenskap å leggja ned oljeproduksjonen sidan vi får så godt betalt for han på verdsmarknaden – vi kan byta olje med stadig billegare elbilar frå Mitsu­bishi. Men, strekar kommisjonen under: Det er i alle høve slik at vi må freista å gjera oljeproduksjonen så effektiv som råd er, og det, seier kommisjonen, gjer vi ved å opna opp for meir konkurranse, mindre gunstige skiftordningar og gjennom alltid å greia ut dei økonomisk kostnadene ved nye reguleringar.

Om vi til dømes greier å redusera kostnadene ved boring med 30 prosent – som framleis vil vera mykje høgre enn på britisk sokkel – så aukar vi noverdien av oljen vi ikkje har teke ut, med 1000 milliardar kroner. Sagt på ein annan måte: Vi talar om fleire billionar kroner i framtidige nettoinntekter for staten og samfunnet om vi får produktiviteten opp og kostnadene ned til britisk nivå. Det er dette som er hovudbodskapen til kommisjonen: Om framlegga deira vert vedtekne, vert Noreg eit eksepsjonelt mykje rikare samfunn i framtida enn no, og det utan at vi må bruka meir naturressursar eller menneskelege ressursar.

Teoriproblem
Så er spørsmålet på kva nivå ein skal drøfta produktivitet, og kva ein kan forventa av ulike tiltak. Her er ikkje Rattsø og utvalet svært djuptdrøftande. Utvalet slår nesten utvitydig fast at reformer som har til mål å betra produktiviteten og å auka produksjonen, er av det gode. Det er særleg to tidlegare reformer dei dreg fram som døme: skattereforma av 1992 og pensjons­reforma av 2011.

Fyrstnemnde auka skattegrunnlaget samstundes som ho reduserte kapitalskattane og marginalskattane på inntekt. Det førde til at vi fekk opp investeringstakta, og at høgproduktive arbeidstakarar arbeidde meir enn dei elles ville ha gjort. Pensjons­reforma på si side gjer at eldre vert ståande lenger i arbeid – som ikkje naudsynleg aukar produktivten, men aukar produksjonen.

Her har kommisjonen tala på si side, men det kommisjonen ikkje gjer i særleg grad, er å differensiera mellom reformer som gjev aktørane på friviljug grunnlag incentiv til å endra åtferd, og reformer som tvingar aktørane til å endra åtferd. Dei viser til dømes til dei nye utdaningsreformene og målstyringa – at offentleg sektor skulle målast etter konkrete mål – som vart innførde i 1980- og 1990-åra, og konkluderer med at dei har ført til ei mengd nye byråkratar og reguleringar, som på si side har drege ned produktiviteten og auka kostnadene.

Reformér reformene
Men det dei knapt drøfter, er at alle desse reformene vart sette i verk for nettopp å auka produktiviteten og få ned kostnadene. Då vert spørsmålet: Kvifor skal politikarane lyda til Rattsø og kommisjonen når dei no seier at vi må gjennomføra ei rad reformer for å halda oppe produktivitetsveksten som har falle grunna mellom anna produktivetsreformer?

Eit svært mykje omtala problem i forskingslitteraturen kring velstand, politikk og produktivitet er såkalla «optimism bias», det vi kan kalla tru på gode intensjonar. Den mest refererte og fremste forskaren på feltet, er psykologen og nobelprisvinnaren Daniel Kahneman. Hans noko dystre konklusjon er at store, på­­tvinga reformer og fusjonar sjeldan lukkast, men at politikarar og leiarar likevel gong etter gong vedtek ting som er nær dømde til å feila. Dette gjer dei av di vi menneske er ustyrde med ein ukueleg optimisme. Vi er frå naturen si side selekterte til å vera optimistar. Om vi kvar dag vaknar og tenkjer over alt som kan gå gale, vel, så kjem vi oss knapt ut or senga. Det er naudsynt for menneska å ha tru på framtida om vi skal overleva og få avkom.

Kvar er pessimisten?
Kahneman har få illusjonar om at politikarar og avgjerdstakarar vil slutta å gjennomføra grandiose prosjekt og reformer og i staden basera seg på organisk vekst og læring gjennom det daglege arbeidet. Men, seier han, eitt funn i psykologien er nokså robust: at dei som har makt og mynde, bør dyrka pessimisten i seg sjølv og i omgjevnaden. Han meiner til dømes at alle som gjer framlegg til store endringar eller har makt til å gjennomføra slike, bør reflektera nøye over alt som kan gå gale om framlegget til endring vert realisert. Det han seier, er at maktgrupper som Rattsø-utvalet bør skriva stutte essay om kva som kan gå gale i framtida om framlegget dei har kome til, vert gjennomført. Då vert nemleg endringsviljen og optimismen mykje mindre.

Utvalet er klare på at mange reformer og endringar har påført samfunnet og skattebetalarane store kostnader. Utvalet viser til subsidiering av el­bilar som eit svært dyrt og lite effektivt tiltak for å få ned klima­utsleppa og nemner fleire tiltak som ville vore mykje betre for klimaet. Dei seier òg at TEK 10, dei nye byggføresegnene som skal gjera nye bustader meir klima- og rullestolvenlege, har ført til at eit blokkhusvære på 65 kvadratmeter har vorte 600.000 kroner dyrare. Difor gjer dei framlegg om å reversera mange reguleringar og reformer.

Men når dei drøfter eigne reformframlegg, er ikkje desse negative funna frå fortida i særleg grad baka inn i framlegga om framtida. Utvalet er særskilt opptekne av at naturlege felles arbeidsmarknader bør slåast saman til éin kommune. Ein naturleg arbeidsmarknad er der ein har reisetid til eit arbeidssentrum på under 45 minutt. Dei er særleg opptekne av at Oslo-regionen må fortettast og gjerast meir effektiv for reisande. Men, seier dei: Asker og Bærum, til dømes, vil ikkje ha fortetting rundt kollektivpunkt, sidan det vil urbanisera villastrok. Dei viser vidare til at kollektivsamarbeidet mellom kommunane i Oslo-regionen er dårleg. Det veit alle som bur i Asker og Bærum og på Oslo vest, er sant.

Demokratiproblemet
Men er det sikkert at ei samanslåing av kommunane til éin kommune vil løysa desse problema? Grunnen til at Oslo-regionen ikkje får til særleg fortetting, er at dei rike mellomklasseveljarane røyster på politikarar som vil halda oppe villastroka. Om Asker og Bærum og Lørenskog og Oppegård vert slegne saman med Oslo, vil det verta langt fleire villaeigarar i veljargruppa til kommune­valet i Oslo. Vil desse brått byrja å velja politikarar som vil fortetta? Kommisjonen nemner ikkje det svært internasjonale fenomenet «not in my back­yard», som laust omsett tyder: «Inga endring i mine omgjevnader.»

Det er òg påtakeleg kva om­­råde kommisjonen vel å koma med framlegg om, og kva område han berre skildrar. Kommisjonen viser til at utan at ein får ein lønsstruktur i skulen som gjer at lærarar med gode kognitive evner får høgre løn enn dei som har lægre kognitive evner, er det lite ein kan gjera for å betra skulen. Difor vil dei endra lønsdanings­modellen og opna opp læraryrket for andre enn folk med pedagogisk utdaning. Det seier dei er særs viktig av di reknekunna har gått ned, og at Noreg må vera betre enn andre land om vi skal halda ved lag den høge velstanden når oljen vert fasa ut. Dei siterer funn mellom anna frå eigen kommisjonsmedlem, Kjell Gunnar Salvanes ved NHH, som stør opp under desse reformframlegga.

Innvandring? Nja …
Samstundes hevdar dei at landbruket slik det er utforma i dag, truleg påfører samfunnet eit effektivitetstap på nær 40 milliardar, og difor vil dei også reformera og sentralisera landbruket. Generelt vil dei ha større og meir effektive einingar i alle delar av arbeidslivet. Men dei seier òg at den store arbeids­innvandringa, særleg av ufaglærde og lågt utdana, har redusert produktivetsveksten og i visse tilfelle har ført til ein attendegang i produktiviteten, men her kjem dei ikkje med framlegg til politikkendring.

Det vi i alle høve kan slå fast, er at kommisjonsrapporten i framtida vil verta nytta som ein fasit. Han er stempla og initiert av Finansdepartementet som har vore sekretariatet. I så måte vil nokre oppfatta rapporten som like truverdig som skriv departementet elles lagar, til dømes Nasjonalbudsjettet. Men av di han drøfter og kjem til å drøfta meir enn departementet til vanleg gjer, vil han truleg verta nytta av ei rekkje organisasjonar, parti og einskildindivid som vil vera med på å forma framtida. Det verkar rett nok som om kommisjonen innser at mykje ikkje vert vedteke. For dei som har noko å tapa på endringar, vil protestera høglydt, fortel dei, og alle dei andre som kan vinna på endringar, men ikkje forstår produktivitet, er uinteresserte og held munn.

Men eit essay i Kahnemans ånd kunne ha byrja slik: «I framtida vert kapitalistane rikare, kulturlandskapet i bygdene borte, skilnaden mellom produktive og uproduktive mykje høgre, familieverksemdene knekte, eplehagane øydelagde, rullestolbrukarane huslause og det norskaste av det norske – distriktspolitikken, småbruka og sjarkane – eit vagt minne …» Det er i alle høve det motstandarane kjem til å hevda. «Svensk glesbygd, her kjem vi!»

Les kommentaren i Dag og Tid!