Privatskuleelevar får betre karakterar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Privatskuleelevar får betre karakter

I tala frå Utdanningsdirektoratet går det fram at dei til saman 13.700 elevane i norske private vidaregåande skuler får langt betre standpunktkarakterar, men forskjellen er nærmast viska vekk ved eksamen, skriv Aftenposten.

Det er i 18 av 20 fellesfag på studiespesialisering og yrkesfag at standpunktkarakterane er så mykje betre for elevane på private skular. På eksamen er privatskuleelevane best i 9 av 16 fag.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar

At karakterane stort sett er betre for elevane på private skular, har vore ein klar tendens dei siste åra. Ragnar Johansen i Norske fag- og friskolers landsforbund avviser likevel at dei private skulane brukar «snille karakterar» for å trekkje til seg fleire elevar.

– Dersom det blir kjent at mange elevar ved ein skule går ned i karakter på eksamen, vil det slå tilbake på skulen og gi han eit dårleg rykte, seier Johansen.

Leiar av utdanningskomiteen på Stortinget, Marianne Aasen (Ap), seier til Aftenposten at karakterforskjellane er gode argument for at ein ikkje bør etablere endå fleire privatskular. (©NPK)

LES OGSÅ: – Alexander får betre karakterar enn Ronny

Kva meiner du? Bør ein opna for fleire privatskular? Eller er det bra slik det er i dag?