Print ut eplekaka til mor di

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No har forskarar og studentar ved Cornell University i USA teke utviklinga av 3D-skrivarar eit steg vidare.

Dei har i samarbeid med The French Culinary Intitute i New York klart å printe ut spiselege ting som sjokolade, ost, kalkun og muslingar, skriv forsking.no.

Dansk skepsis
Direktøren ved French Culinary Institute, Dave Arnold, er full av lovord om dei nye mulegheitene.

– Eg førestiller meg at ein kan printe verkeleg interessante strukturar i maten. Førestill deg at ein kan lage mat som absorberer saus som ein sopp. Det ville vore flott, seier han til CNN.

Men dei nye 3D-skrivarane blir møtt med ei kald skulder hos danskane. Alan Friis, forskar i matvareteknologi ved Danmarks Tekniske Universitet, lèt seg ikkje imponere av nyvinninga.

– Det minner jo litt om ostepop, der ein har hakka noko til det ugjenkjennelege, frityrsteikt det , og såg poppar det opp att som ein ostereke. Det er lang veg til ein eigenleg rett.

Moderne matlaging
Førebels må ein gjennom ein lang prosess før maten kjem ferdig servert ut av 3D-skrivaren.

Malar må konstruerast, matvarer må hellast på tubar som blir kobla til skrivaren, og datamaskina treng mange opplysningar om maten du ynskjer å skrive ut.

Først når alt av skildringar er lagt inn og den flytande maten er på tubane, kan du lene deg tilbake og vente på at måltidet blir printa ut.

Komplisert? Heldigvis har forskarane og studentane bak mat-skrivaren lagt ut heile oppskrifta på nettet. Rettleiinga for å byggje ein eigen matlagande printar finst her.

Print ut mors eplekake
Student Jeffrey Lipton, som leiar prosjektet, meiner vi berre har sett byrjinga.

– Dette vil gjere det same som e-post gjorde for lynrask kommunikasjon. Førestill deg at du kunne få tilsendt oppskrifta på eplekaka til mor di på e-post, og så printe ut kaka med det same. Eplekaka hennar blir så tilgjengeleg som ei melding på Facebook-veggen din, fortel han.

Alan Friis er kritisk til tankegangen til Lipton.

– Er det likesælt om ein skrell epla sjølv og bakar ein kake? Er det nok at produktet liknar ein eplekake og smakar av eplekake, men ikkje er ei verkeleg eplekake? Eg meiner nei, seier matvareforskaren.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!