Presidentvalet på nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artiklane er kome til gjennom eit samarbeid med forfattar og amanuensis ved Høgskulen i Volda, Alf Tomas Tønnessen.

– Det amerikanske presidentvalet er viktig også for nordmenn. Vi ser ein stor interesse for amerikansk politikk. Dessverre er det lite artiklar om emne på nynorsk, seier ansvarleg redaktør i Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

LES OGSÅ: Siste sjanse for republikanarane

USA-ekspert
Alt Tomas Tønnessen har doktorgrad på området og er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

– Vi er veldig glade for at Tønnessen ville skrive desse artiklane for Allkunne. Han har stor kunnskap om amerikansk politikk som no kjem eit stort publikum til gode, seier Rotevatn.

Rotevatn seier det er svært viktig i eit demokratiperspektiv at nynorskbrukarar også finn artiklar om utanrikspolitikk på sitt eige språk.

– Skulelevar, studentar og andre har vanskar med å finne kvalitetssikra artiklar på nynorsk og om det amerikanske presidentvalet og amerikansk politikk finst det knapt noko. Allkunne har difor ei viktig rolle å spele.

QUIZ: Kva veit du om amerikansk politikk?

App
Alle artiklar i Allkunne er handsama av ein tverrfagleg redaksjon og språkvaska.

Allkunne er eit gratis, digitalt oppslagsverk. www.allkunne.no har i dag om lag sju tusen artiklar, og veks kvar dag. Allkunne AS har administrasjon i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Allkunne har også utvikla ein eigen gratis app, som du finn i AppStore og GooglePlay. I tillegg er Allkunne på Facebook og på Twitter.

– Vi skal vere der brukarane er. Vi håpar no at lærarar og bibliotekarar set elevar og studentar i sving med oppgåver knytt til våre artiklar!