Positive til fellesfyrverkeri

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av fire nordmenn (78 prosent) synest felles fyrverkeri er eit flott tiltak, og over halvparten (55 prosent) kan godt tenkje seg å droppe eige fyrverkeri viss dei kan vere med på eit fellesarrangement ikkje er så langt unna. Det går fram av ei undersøking som YouGov har gjort for forsikringsselskapet If.

Forsikringsselskapet ser gjerne at fleire droppar den private rakettskytinga, som kvart år fører til at mange får skadar i auge, hender og ansikt.

– Vi er glade for at utviklinga med fellesfyrverkeri blir meir og meir vanleg i Noreg, slik det er i utlandet. Ute i Europa reiser folk ofte langt for å sjå dei, og det skaper ekstra stemning rundt nyttårsskiftet – altså mindre kaos, meir variert publikum og tryggare for alle, seier informasjonsdirektør Emma Elisabeth Vennesland i If.

Berre 12 prosent seier at det ikkje er noko fellesfyrverkeri der dei skal vere nyttårsaftan.

LES OGSÅ: Nyttårsforsett – mål og suksess, eller velvære og prosess?