Politikarspire klar for ny utfordring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no. 

Årdal: 19-åringen er dermed klar for ei ny utfordring når ho skal tilbringe sommaren på Stortinget og på partikontoret til Senterpartiet.

– Det er jo ein ganske stor sjanse, som eg er veldig heldig som har fått. Eg føler det har vore stor konkurranse om stillingane. At eg er så heldig at eg har fått den eine stillinga, er ganske uventa, seier ho til Porten.no.

– Det verkar som ei ganske spennande stilling, der ein fekk jobba i Oslo for stortingsrepresentantar, og for Senterpartiet og Senterungdommen. Det er ein spennande sjanse, og det er veldig kjekt å få denne sjansen. 

LES OGSÅ: Leiarskuggane

Yngst i kommunestyret
Horpen har vore nestleiar i Sogn og Fjordane Senterungdom og er nestleiar i Årdal Senterparti. I fjor haust var ho vald til kommunestyret og formannskapet i Årdal kommune, og er no landets yngste formannskapsmedlem.

Noko av jobben vil gå føre seg på Stortinget, medan noko vil skje på partikontoret. I jobben skal ho mellom anna bistå stortingsrepresentantar. 

– Det blir å ta saker som kjem og formidle dei, samt noko mediehandtering, fortel ho.

LES OGSÅ: KrF er artigast på Stortinget 

Inspirerande
Å få ein slik sjanse er noko som motiverer og inspirerer, synest Horpen.

– Det gir lyst til å satse endå meir. Akkurat no tenkjer eg berre på å sitja i kommunestyret og formannskapet og jobba der, så tenkjer eg å sjå kva som kjem og vera open for sjansar som kjem, smiler ho.