Politiet overser hatkriminalitet mot funksjonshemma

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politiet overser hatkriminalitet

Innlegget var først publisert på MRbloggen og Dagbladet

Tamarin sit på trikken mot Oslo sentrum, då ein gjeng med ungdomar set seg ned ved sidan av ho. Då dei får auge på Tamarin, byrjar dei å le og snakke om utsjånaden hennar.

Det er tydeleg at dei ler av at ho har cerebral parese (CP), ein tilstand som mellom anna involverer ufrivillige rykningar i kroppen. Plutselig spyttar ein av ungdomane ho i ansiktet. Ho er fullstendig livredd. Tysdag melder Tamarin episoden som hatkriminalitet til Oslo politidistrikt.

Mange blei sjokkerte då dei eit par veker tilbake las om den offentlege hetsinga av 25 år gamle Tamarin Varner. Dessverre er episoden på ingen måte unik. For mange med nedsett funksjonsevne er dette kvardagslege opplevingar. Det er derimot ei unik side ved saken: dette er nemleg det første meldte tilfellet av hatkriminalitet retta mot funksjonshemma i Noreg.

Trass i at funksjonshemma blei gitt strafferettsleg vern mot fleire ulike former for hatkriminalitet i 2013, har ingen tilfelle av hatkriminalitet mot funksjonshemma blitt registrerte av politiet i treåsperioden før denne meldinga. Verken i Oslo eller nasjonalt.

Dette står i sterk kontrast til forsking som konsekvent viser at funksjonshemma er meir utsett for vald, trakassering og hets enn den generelle befolkninga. Ofte fordi dei blir sett på som «svake», «forstyrrande», og «annleis». Med andre ord: hatkriminalitet mot funksjonshemma skjer, men blir ikkje meldt eller plukka opp av politivesenet. Mørketala er store.

Kvifor eksisterer dette gapet? Kva er det som gjer at norsk politi og påtalemyndigheit ikkje registrerer hatkriminalitet mot funksjonshemma?

Dette var spørsmål eg undersøkte i mi nyleg avleverte masteroppgåve i menneskerettar ved Universitetet i Oslo. For å lære meir om dette, intervjua eg tilsette i politiet og påtalemyndighetene nasjonalt og i Oslo som jobbar spesialisert med hatkriminalitet.

Sjølv om informantane varierte i sine svar, var dei alle samstemte om ein ting: politi og påtalemyndigheit har ei overordna mistru til at det i det heile tatt er mogleg at kriminalitet mot funksjonshemma kan vere motivert av hat. Denne ideen er hovudsakleg grunna i tre bakanforliggande faktorar som gjekk igjen i intervjua.

For det første peikte informantane på at politi og påtalemyndigheit i møte med kriminalitet retta mot funksjonshemma har ein tendens til å overfokusere på det dei opplev som individuell sårbarheit hos offeret. Funksjonshemma blir ofte sett på av politivesenet som «sårbare» eller «lette offer» for vinningskriminalitet.

Ifølge fleire av informantane er det i tillegg lettare å vinne fram i den vidare rettsprosessen med ei fortelling om funksjonshemma som forsvarslause personar enn som objekt for hat.

På denne måten er politiet og påtalemyndigheitene med på å skape ein dikotomi mellom sårbarheit og hatefullt motiv som i mange tilfelle er falsk. Dette er med på å skugge over moglege hatefulle motiv som kan ligge bak kriminalitet retta mot gruppa.

For det andre manglar det ein diskusjon om hatkriminalitet mot funksjonshemma i samfunnet generelt. Denne stillheita har ifølge informantane konsekvensar for korleis politiet jobbar med hatkriminalitet.

Som oppsummert av ein av informantane: der rasistisk, islamofobisk og homofobisk motivert kriminalitet diskuterast ofte både i media og samfunnet elles, er hatkriminalitet mot funksjonshemma eit ikkje-eksisterande tema i det offentlege ordskiftet. Dette er med på å vidareføre eit klima i politiet kor hatefullt motivert kriminalitet retta mot funksjonshemma ikkje er etablert som ein form for kriminalitet som krev registrering eller nasjonal oppfølging.

For det tredje viste fleire av informantane ei mangelfull forståing for kva hatkriminalitet mot funksjonshemma er, og kva for former det tar.

Ein informant uttrykte at der han har verktøya for å forstå homofobisk og rasistisk motivert hat, manglar han rammeverket for å forstå kva for former hat retta mot funksjonshemma tar. Han «kjenner ikke terrenget».

Andre opplevde det som vanskeleg å avgrense funksjonshemma som ei klar juridisk og samfunnsmessig minoritetsgruppe. Utan ei forståing for slike gruppespesifikke utfordringar, er det vanskeleg å sjå for seg at politivesenet evner å kjenne att hat som er retta mot funksjonshemma nettopp på grunn av gruppetilhøyrsle.

Ein rød tråd i alle desse faktorane er ei manglande forståing av prosessane som fører til hatkriminalitet mot funksjonshemma i utgangspunktet. Politivesenet manglar dei rette brillene til å forstå og kjenne att fenomenet. Med dette utgangspunktet blir identifisering av faktiske tilfelle av hatkriminalitet mot funksjonshemma lite sannsynleg.

Funna frå mi masteroppgåve indikerer dermed at det fins vesentlege manglar ved måten politiet og påtalemyndigheita tenker rundt, og stiller seg til, hatkriminalitet relatert til funksjonsevne.

FNs konvensjon for rettane til personar med funksjonsnedsettingar (CRPD) legg ei folkerettsleg forplikting på Noreg og det norske politivesenet til å nedkjempe alle former for vald, hets, og overgrep mot funksjonshemma, og gi gruppa reell tilgang til loven på lik linje med alle andre. Det må bli følgt opp.

Det hjelp nemleg lite for funksjonshemma å ha eit vern mot hat på papiret, om den ikkje blir handheva i praksis.
 

LES OGSÅ: «Eg kan juksa på eksamen sjølv om eg sit i rullestol»