Pengvinen Sir Nils Olav har blitt brigader

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kongepingvinen bur til vanleg i Edinburgh Zoo.

Nils Olav fekk den store æra av å bli brigader då Hans Majestet Konges Garde deltok på Royal Edinburgh Military Tattoo. Han er den tredje kongepingvinen ved dyrehagen i Edinburgh som er maskot for H.M. Kongens Garden.

Brigader David Allfrey, sjef for The Royal Edinburgh Military Tattoo, seier til BBC:

– Dette er berre eit fantastisk eksempel på det veldig gode sambandet mellom våre to land, og det kunne ikkje vore ein meir sjarmerande tradisjon. Me har sjølvsagt mange offiserer som inspirerer på tattooen, men brigader Olav er min favoritt!

LES OGSÅ: Pingvinane sin dødsmarsj

Militær maskot
Historien om Nils Olav starta alt i 1913, då nordmannen Edward Theodore Salvesen (1857–1942), sønn av Christian Salvesen, ga ein kongepingvin i gåve til Edinburgh Zoo og donerte penger, slik at dyrehagen kunne utvikla sin eigen kongepingvinkoloni.

Då Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani besøkte Edinburgh Military Tattoo i 1961 for eit drillstevne, vart ein løytnant med namn Nils Egelien veldig interessert i pingvinkolonien til Edinburgh Zoo. Då Garden nok ein gong kom attende til Edinburgh i 1972, arrangerte Nils Egelien slik at troppen kunne adoptere ein pingvin. Pingvinen som dei adopterte vart gitt namnet Nils Olav i ære av Nils Egelien, og Olav V av Noreg.

Nils Olav vart tildelt militærgraden visekorporal og har etter dette vorte forfremma kvar gong Garden har delteke på Edinburgh Military Tattoo. I 1982 vart han forfremma til korporal og så forfremma til sersjant i 1987. Nils Olav døydde kort etter denne forfremminga.

LES OGSÅ: Verdas beste naturfoto

Kongeleg sir
Arvtakaren vart Nils Olav II, hans to år gamle etterfylgjar. Han vart nok ein gong forfremma i 1993 til stabssersjant. 18. august 2005 vart han forfremja til Honourable Regimental Sergeant Major, den høgaste underoffisersgraden i Skottland. Han vart også den fyrste pingvinen til å få denne tittelen i den norske hæren.

På den same tida vart ein bronsestatue på 1,2 meter gitt til Edinburgh Zoo. Det står også ein statue ved Huseby leir i Oslo.

Fredag 15. august 2008 i samband med 3. Gardekompani sitt bidrag under Edinburgh Military Tattoo, vart Nils Olav slått til ridder av den britiske generalmajoren Euan Loudon. Kongepingvinen kan difor omtalast med tittelen sir.

Les meir på Wikipedia.

LES OGSÅ: Forskar: – Forsvaret er prega av feminin åtferd