Passive aktivistar

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har sjølvsagt hatt om det på skulen og prata om kvifor det er så viktig, men i kvardagen er eg ei grøn plante under ein himmel der det konstant er midnattssol.

Ein av dei tinga eg treng for å vokse og utfolde meg, er alltid der og har alltid vore der, så eg tenkjer ikkje over det. Eg veit at eg kan skrive inn til avisa, melde meg inn i eit politisk parti med radikale meininger, eller for den del skrive ein status på Facebook som kritiserer korleis kvar representant i fylkeskommunen oppfører seg når dei skal slåss om dei beste ressursane for si eiga kommune. Kunnskapen om at eg kan gjere dette er ein ting, det å gjere det er noko heilt anna. Eg har aldri gjort nokon av dei tinga eg nemnd ovanfor.

Riktig nok var eg medlem av AUF i eit år etter å ha betalt om lag tjue kroner til ein vervar som kom på skulen, men eg fekk aldri noko informasjon om møte, og interessen dabba av etter kvart. Dessutan er vel ikkje eit parti som har vore det største på Stortinget dei siste åtte åra det ein kan kalle radikalt. Eg er ikkje eingong spesielt aktiv på sosiale medium, noko som visstnok er dei unges arena for ytringsfridom i den teknologiske tidsalderen. Det er sjølvsagt ein flott plattform med utruleg mange moglegheiter når kreative folk først set i gang. Det er berre det at eg har ein tendens til å vere relativt passiv.

Dette er ikkje fordi eg ikkje vil engasjere meg. Nokre gonger les eg om mangel på rettferd, informasjon som helst kjem frå nettet, og det kokar inni meg. Ja! Skrik den indre aktivisten i meg. La meg gå i fakkeltog og samle inn underskrifter for å endre lovverket! Eg kan gje bort fritida mi for å fremme ei sak som er større enn meg sjølv, som eg veit er riktig!

Så kjem eg på kvar eg bur. Eg kjem på kor gamal eg er, kor heldig eg er, og kor lite aktuell den saka eg har lese om er her i nærområdet, eller i heile Noreg for den del. Eg har det rett og slett for bra. Og det er vanskeleg å ha det bra. Dei fleste menneske får ei indre glede av å gjere noko godt, og ein indre driv til å sørge for at det som er gale blir rett. Men når ein har det for bra har ein ingenting å rette denne kjensla mot, og så kan ein misunne dei som har det, men så føler ein seg som eit elendig menneske for å ha misunt dei som har det verre enn seg sjølv. Slik har i alle fall eg det inniblant, når tankar eg skulle ønske ikkje fantes, dukkar opp.

Denne vilja til å kjempe for det som er riktig, må finne andre vegar. Som oftast kan desse vegane verke ubetydelege. Når ein argumenterar for saka si kan ein framstå som kverulerande. Sjølv er eg tilhengjar av at nynorsk skal bestå som skriftmål i Noreg. Eg tenkjer på historia bak som seier noko om identiteten til Bygde-Noreg, og korleis det enorme arbeidet må ha arta seg for å samla ord og grammatikk saman til noko forståeleg. I tillegg tenkjer eg subjektivt at nynorsk er mykje penare enn bokmål, berre så alle veit det. På dette tidspunktet må den meir pragmatiske delen dra meg i nakkeskinnet og spørre: Har du verkeleg ikkje større problem? Det einaste du kan klage over er at nokre folk synes du skriv litt keisamt? Og når eg tenkjer slik på det må eg jekke meg ned nokre hakk og vurdere ting. Som oftast er det her engasjementet dabbar av.

I grunnlova står det at ytringsfridomen bør finne stad. Dette er paragraf nummer hundre, og kjem ganske langt nedanfor loven som seier at vi skal ha ei folkekyrkje. Det gjenspeiler seg i den originale teksten der det var presisert at ein ikkje skulle vise forakt for religionen, som sjølvsagt var statskyrkja. I 1814 var denne lova likevel viktig i Noreg. Det gav rom for å gje uttrykk for meiningane ein hadde om staten, utan å bli straffa. Og sjølv om teksten har måtte blitt endra på etter kvart, er anda i denne lova ein av grunnsteinane som det norske samfunnet baserer seg på.

Då Henrik Wergeland gav ut fleire tekster der han direkte eller indirekte argumenterte for at jødar skulle få tilgang til landet, kunne han gjere dette utan å frykte arrestasjon. Då Kim Friele var aktivist mot kriminaliseringa av homofile, kunne ikkje regjeringa sette politiet på henne sjølv om det ho og fleire andre sa var upopulært. I dag når ein diskuterer abbortloven og om leger bør ha rett til å reservere seg, kan ingen stilne den eine parten ved å skjule seg bak loven. Eg er riktig nok motstandar av at leger skal få utvida reservasjonsrett, men synes likevel at det er viktig å få debattert saka skikkeleg.

Dersom vi ikkje gjer det kan vi risikere at folk flest ikkje veit kva vi snakkar om. Og når vi lever i eit demokrati der det er folk flest som skal bestemme, så må ein nesten gjere sitt beste for å opplyse alle.

Men sjølv om ytringsfridom handlar mykje om demokrati, er det nok i Noreg vanskelegast å vere for ytringsfridom når ein står i fleirtalet i ei sak. Då får ein motgang frå ei mindre, men høglydt gruppe som står i fare for å få med seg andre som bit på ein kjenslelada retorikk, utan å bry seg særleg om alle fakta. Då kan eg tenke, ikkje særleg seriøst, kvifor i all verda får desse idiotiske personane lov til å prate? Er det ikkje ulovleg å vere så dum?

Nei, heldigvis så er det ikkje ulovleg å vere dum, trass i at dei fleste kanskje har tenkt tanken. Hovudargumentet mot ei slik lov, sjølv om folk ikkje vil innrømme det, blir vel at ein sjølv ville ha blitt fengsla for lenge sidan dersom det var slik. Difor må dei som har meiningar eg synes er fullstendig idiotiske, likevel ha rett til å rope dei meiningane frå den høgaste bygningen dei kan finne. Eller, slik som ofte er tilfelle, skrive idiotiske statusar på Facebook og kommentere så busta fyk under artiklane på Dagbladet.no.

For situasjonen kunne like lett vore motsett, og eg kunne vore den som alle andre syntes hadde idiotiske meiningar som resten av verda ikkje burde høyre. Det er viktig å ivareta ein slik rett av fleire grunnar, men ein veldig enkel ein er at det like godt kunne vore deg og meg. Og av den grunnen er det viktig å vere prinsippfast, og ikkje lage unntak inne i hovudet sitt om at «det går an då, men ikkje då».

Likevel er Noreg ganske lågmælt når det kjem til å forsvare ytringsfridom under OL i Sotsji. Så kjem opningsseremonien og vi kan tusle inn på stadion med ei massiv folkemengd. Etter kvart blir vi meir skeptiske til OL-konseptet. Spesielt når nokon kritiserer utøvarane våre, enten det gjeld sørgjeband, hyklersk reklamebodskap eller at folk sår tvil om retten på medaljane våre. Så ille blir det faktisk at Noregs idrettsforbund snakkar til Den olympiske komité, og seier frå at dette ikkje er greitt. Det medmenneskelege bør gå framfor det kommersielle.

Dette seier dei etter at IOC valte å halde OL i Russland. Etter at den nye loven mot homofil «propaganda», etter at russiske myndigheiter har fengsla fleire aktivistar, etter at det er avdekka elendige arbeidsforhold og ordningar for dei som har bygd opp OL-byen. Så når det er prat om medmenneskelege forhold, er det helst prat om nordmenn.

Vel. Eg har forståing for at idrettsforbundet fokuserer på sine eigne idrettsutøvarar. Likevel er det ei pussig tone i media som eg ikkje heilt fekk med meg ved førre OL. No er korkje London eller Vancouver blant verstingane når det kjem til menneskerettar, men likevel kan det vere lurt å vere merksam på kva slags bilete Dagsrevyen syner fram. Det er ein vanskeleg sak når ein har så mykje som er sportsleg aktuelt, som skjer på same stad som så mange urettar hender.

Dersom ein fokuserer for mykje på sport, framstiller det eit falskt bilete. Dersom ein fokuserer for mykje på urettar blir folk lei, og lukkar sansane for det vonde, samstundes som andre skrik ut at det skjer verre ting andre stader. Og kvifor kan dei ikkje fokusere på det? Så dei som skal prøve å få ut nyhende til folk i Noreg blir stilt i ein vanskeleg posisjon der dei aldri kan sigre fullstendig. Det er vanskeleg å vere prinsippfast når det berre er endå ein del av jobben, det ein skal gjere frå dag til dag for å leve livet sitt.

Difor blir det feil å stole på at nokre diffuse «andre» kjem til å ordne opp i ting. Dei som har det som jobb, kan sleppe unna med å avslutte dagen, reise heim frå ei krise, og fortsette å spele tennis på fritida. Dette treng ikkje vere ein forferdeleg ting, men poenget mitt er at personleg engasjement er ein av dei viktigaste ingrediensane for at ein aksjon skal gå gjennom. Vi må gje av oss sjølv dersom det er ei sak vi brenn for og vil skal lykkast. Kanskje det er dette som bekymrar meg mest med kor lite aktiv eg er til å bruke rettane mine, og kor lite eg har behov for dei. Og det er denne skepsisen som breier seg vidare til nettaktivisme.

Internettet er ein relativt ny ting. Sjølv om det har eksistert lenger enn meg, er det ganske nyleg at folk flest brukar det til å kommunisere på dagleg basis. For det er kommunikasjon som er nøkkelordet til å seie noko som helst om internett. Eit usynleg nettverk bind verda saman gjennom felles interesser, splittar verda på grunn av dumme utsegn som aldri kan slettast, og er ei forferdeleg forstyrring for absolutt alle ungdomar som har tilgang til ei datamaskin.

Seriøst, kven hadde den geniale ideen at den maskina eg skal gjere lekser på, skal også ha tilgang til absolutt all informasjon nokonsinne? Dilemmaet «Skal eg gjere ferdig artikkelen om kjenneteikn på forskjellig norsk folkedikting, eller sjå på hundrevis av videoar der kattar gjer dei søtaste tinga du kan tenkje deg,» er ikkje eit dilemma generasjonen før meg måtte takle.

Likevel er moglegheitene som nettet tilbyr nesten ufattelege. Etter at nokon har blitt banka opp av ukrainsk politi i Kiev, kan bilete av dette vere tilgjengeleg nesten med ein gong for kanadiske menneskerettsaktivistar, dersom nokon legg det ut på Twitter. Eg kan sjå korleis eritreiske og sudanske flyktningar blir behandla i Israelske fengsel – og viktigast av alt: Eg kan dele det vidare med eit par tastetrykk så venene mine kan sjå og dele det vidare. Det er den moderne jungeltelegrafen. Sidan spreiing av informasjon er noko av det viktigaste når det kjem til å samle støtte når urettferdige ting skjer, blir tilgangen på internett i dag noko av det viktigaste for å få til ein suksessrik demonstrasjon som når fram til verdssamfunnet.

Fleire organisasjonar har forstått desse moglegheitene. Amnesty samla før signaturar for sakane sine ved at medlemmar skreiv brev og sendte dei inn. Det einaste eg treng å gjere i dag er å skrive «Appell» og namnet mitt, så har eg sagt at behandlinga kinesiske myndigheiter gir tibetanarar er uakseptabel. Nettsida allout.org kan i løpet av fem dagar samle over 200.000 støttespelarar i kampen mot ein lov i Uganda som seier homoseksuelle gjerningar kan straffast med livstid.

Med andre ord er det veldig, veldig enkelt å kjempe for ein sak i dag. Det er ikkje nødvendig å gå i fakkeltog, dele ut flygeblader, eller organisere demonstrasjonar for å få folks merksemd, for alt går føre seg på nettet. Difor treng eg ikkje eigentleg gje så mykje av meg sjølv for å delta, korkje fysiske kreftar eller fritid. Det engasjementet som er nødvendig for å halde liv i ei sak er ikkje nødvendig lenger, og kan overlatast til andre ettersom folk får høyre om det uansett. Internett har eit innbygd paradoks ved at det har ein grunnleggjande funksjonen som går ut på å ha eit interaktivt forhold med både underhaldning og nyhende. Samstundes treng ein ikkje å ta med seg dette ut i den «verkelege» verda, sidan ein får utløp får dette engasjementet i ein passiv posisjon ved PC-skjermen.

Likevel kan ein ikkje avvise dei gode verknadene denne passive forma for aktivisme har. På denne måten kan heile verda delta i eit virtuelt fakkeltog, og spreie ordet vidare til venene sine. Og då pratar vi ikkje om berre vener og familie ein kjenner godt, men massive nettverk som ein kan danne over nettet gjennom spel, forum og masse andre møtestader. Lokale problem kan på nokre augneblink bli internasjonale problem, og likevel kan ein behalde kjensla av eit tett samarbeid, på grunn av fantastisk kommunikasjon.

Så uansett kva ein kan seie om «skikkeleg» aktivisme, er det dette som er enklast og gir nokre av dei beste resultata. Og sjølv om ein kan si mykje fint om ein person som ofrar mykje for ei sak, så er det resultata som har noko å seie for folk som er i ein dårleg situasjon.

Dessutan er ungdom i dag mykje meir involvert i saker på grunn av internettet. Alle blir invitert til å ha ei meining om alt, og alle får på denne måten brukt ytringsfridomen sin på ein aktiv og ny måte som ein ikkje tenkjer så mykje over i kvardagen. Med dette kan det følgje ein del skit. Ting du vanlegvis seier i kjellaren med gutegjengen, blir til noko du deler med heile verda, sjølv om du ikkje er så bevisst på det. Men med eit konstant fokus på kva eg skal meine, og korleis alt eg meiner i desse offentlege romma er tilgjengeleg for alle, likar eg å tenkje at eg blir eit meir reflektert menneskje.

Eg høyrer til ei av dei mest privilegerte gruppene i verda, og på vegne av dei fleste ungdomar rundt i landet har eg lyst til å seie noko: Vi set pris på ytringsfridomen, men nokre gonger er det vanskeleg å vite kvar ein skal starte. Det tyder ikkje at vi ikkje er engasjerte, eller at vi er ein generasjon full av forfall, men nokre gonger grip vi fatt i eit problem frå feil ende. Difor kan vi håpe, delvis på grunn av alderen vår, at vi får ein sjanse til.

Og når vi får kunnskap i tillegg til engasjement, kan vi gripe over grenser, landlege eller folkelege, og endre verda til det betre.


Åshild Slåen vann Fritt Ord-konkurransen 2014 med dette essayet om ytringsfridom.