På nikk med makta

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Nordfjordingen viftar entusiastisk med nevane i 360 grader – når ho står midt i hjartet av EU, på Schuman i Brüssel, kan ho peika nesten kvar som helst og treffa eit europeisk nervesenter.

– Og i den bygningen der borte sit eg, held ho fram. I Norges Hus jobbar Ingvild Nave som praktikant for Noreg sin delegasjon til EU.

LES OGSÅ: – Ungdom i Europa må reddast

Mingle-hovudstaden
Etter å ha jobba som journalist i NRK Hordaland på sida av Europastudiet ved Universitetet i Bergen havna ho i Brüssel etter nokre intervjurundar. Ho starta tidleg i september, og skal vera der til februar. Som praktikant, eller trainee, som dei kallar det der.

– Eg har allereie lært veldig mykje om korleis Noreg sine utsendte arbeider i praksis, og kva oppgåver ein delegasjon har. På EU-delegasjonen sit råder frå nesten alle departementa heime, så det er stor breidde i kva ein kan få vera med på som praktikant. Førre veke vart blant anna migrasjonsutfordringane i Europa diskutert, fortel Nave. Der fekk ho eit lite blikk på innsida av EU, og det var sjølvsagt ekstra stas.

– Det er ein veldig bra plass å vera praktikant. Her er dei flinke til å få folk inn i miljøet. Det er lett å bli kjend, folk driv mykje med networking.

Networkinga blir vist i praksis når Nave viser vegen til ein av barane i EU-distriktet, og spanderer eit glas av det berømte belgiske ølet. I bakgården sit ingen andre enn oss, men veldig mange står i små sirklar for å mingla. Mingling og networking er ikkje sitteaktivitet.

LES OGSÅ: ANSAfied

Nave eventbyrå
Arbeidsoppgåvene til Nave strekk seg frå å stifta saman papir, via å rapportera frå møter på heimesidene, til å fungera som eventbyrå. Denne veka er det energiseminar der olje- og energiministeren kjem, og Nave står på arrangørsida.

Det er mykje lærdom på kort tid. Heldigvis hadde ho kontroll på nokre ting frå før. Med Europastudiar i ryggen fekk ho seg ikkje noko sjokk i møte med EU-byråkratiet.

– I og med at eg studerte Europastudiar før eg kom til Brüssel, hadde eg ein del kunnskap på førehand. Så langt har ikkje denne jobben endra synet mitt på EU i stor grad, men det er klart at EU blir mykje større og nærare med ein gong ein faktisk er i Brüssel.

No er det største problemet den lokale geografien.

– Eg trivst godt her i Brüssel. Hadde eg berre slutta å gå meg vill.

LES OGSÅ: Kan norske hyblar løysa amerikansk krise?

Berlaymontbygget

Nabobygget til Norges Hus, Berlaymontbygget, er kontora til Europakommisjonen. Foto: Anders Veberg

– Kunnskap er makt
– Veit me for lite om EU her heime?

– Det er vanskeleg å svara på, men mitt inntrykk er at det har vore ei auka merksemd, mellom anna i media, når det gjeld kva som skjer i EU. Det trur eg kan auka den generelle kunnskapen over tid. Det er stor skilnad frå person til person, men eg trur ikkje det hadde skada om endå fleire visste kva EØS-avtalen eigentleg inneberer, sidan det er ein stor og viktig avtale for Noreg. Kunnskap er makt, som ein seier.

LES OGSÅ: Europa, kva skal det bli av deg?

IngvildNave

Begeistra for nynorsken
Ein liten bonus. Nave er nynorskbrukar, eit trekk som skapte begeistring i Norges Hus.

– Dei var veldig glade for å få ein nynorskbrukar hit, dei hadde ikkje så mykje av det frå før. Dei må jo og fylle kvota si, så dei legg veldig til rette for at eg skal få bruka nynorsken, seier Nave og smiler.