På blodbotn i Europa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er heilt avhengige av frivillige som vil gi blod for å redda liv, seier Irene Vange, overbioingeniør i Blodbanken ved Førde sentralsjukehus i ei pressemelding frå Røde Kors i samband med at det i dag, 14. juni er blodgjevardagen.

– Blodoverføring vert i dag nytta til kirurgiske inngrep og medisinsk behandling av ei rekkje sjukdomar, ulykke, brannskade, transplantasjonar og behandling av blødarar og me treng alle blodtypar, seier ho.

No mobiliserer Røde Kors.

Fleire givarstader
– Noreg må vere sjølvforsynt med blod og blodprodukt. Fordi blod ikkje kan lagast kunstig, er kvar einskild blodgjevar livsviktig, seier Margunn Masdal i Røde Kors.

Ifølgje Røde Kors er Noreg mellom dei dårlegaste stilte i Europa, med omsyn til tal blodgjevarar i høve til folketalet. I motsetnad til mange andre livsviktige legemiddel kan blod korkje kjøpast eller framstillast kunstig. Mange menneske kan ikkje overleve utan blodoverføring – dei er avhengige av hjelp frå eit anna medmenneske.

Samstundes er trongen for blod aukar her i landet. Mange nye medisinske framsteg baserer seg på blod og blodprodukt, spesielt gjeld dette innan kreftbehandling.

– Me blir fleire eldre, og det er den eldre generasjonen som treng slik behandling mest, seier Masdal.

Faktaboks

– Alle friske menneske mellom 18 og 60 år kan melda seg som blodgivarar og eventuelt gi blod til fylte 70 år. Nye blodgivarar kan aksepterast inntil 65 års alder etter vurdering av lege.

– Blodoverføring må ikkje skada verken blodgivar eller mottakar. Difor vurderer Blodbanken kvar givar nøye. Når du skal gi blod fyller du ut eit skjema for blodgivarar om helsa di og blir intervjua av ein bioingeniør, sjukepleiar eller lege.

Les meir på Giblod.no!