På barrikaden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje noko hokuspokus

 

MITT LIV – MINE VAL:Identitet, bistand og integrering er viktige stikkord gjennom utdanninga til Camilla Ringdal Dukefos. Ho har bachelor i psykologi og master i tverrfaglige kulturstudier der ho har sett på kva identitetsprosessar jenter med innvandrarbakgrunn går gjennom som tar høgare utdanning i Noreg.

– Eg snakka med dei om kva som er viktig for dei i deira kvardag og korleis dei snakkar om utdanning. Gjennom utdanninga mi var eg både i India og i Italia for å studere, reise og møte andre menneske, eg angrar ikkje eit sekund, sjølv om eg tidvis var veldig blakk. Då måtte eg berre jobbe litt ekstra i feriane på avlastningsbustaden for barn heime i Sandefjord.

For dei svakaste
I dag er ho sekretariatsleiar i Røde Kors Ungdom. Det første møtet med organisasjonen hadde ho som leksehjelpar for ungdom med innvandrarbakgrunn der mange var flyktningar og budde på mottak. Seinare vart ho både ungdomsdelegat til Nepal og har vore tilsett i organisasjonen dei siste åtte åra.

– Røde Kors har eit verdigrunnlag som baserer seg på humanitet, nøytralitet og upartiskheit. Organisasjonen er på parti med dei svakaste i samfunnet, både i Noreg og i resten av verda. Her fekk eg både hjelpe andre og utvikle meg sjølv.

– Kva inspirerer deg?

– Å møte menneske som har pågangsmot og ikkje gir opp viss dei har prøvd på noko ein gong utan å lukkast. Eg trivest med menneske som ler saman, inkluderer nye menneske og som gir av seg sjølv. Me har ein kampanje i desse dagar som heiter ”Jeg er ENsom bryr meg” der alle kan skrive kontrakt med eige samvit om korleis ein vil vere mot andre menneske. Ei jente på vidaregåande skule lova seg sjølv at ho skulle prøve å sjå ting frå andre sine perspektiv, det inspirerer meg og gjer meg glad.

Eit supplement
– Uansett kva bakgrunn du har, møter du menneske som interesserer seg for akkurat det same som deg. Og det finst nesten ein organisasjon for ei kva som helst interesse her i landet, seier ho og trur skulering i praktisk demokrati kan vere med å gjere organisasjonslivet meir spanande for ungdom.

– I Røde Kors er det rom for å drive med alt frå rollespelet På flukt til kampanjeaktivitet mot atomvåpen eller å setje einsemd blant unge på dagsorden gjennom kampanjen Jeg er ENsom bryr meg.

– Å arbeide for å oppnå refleksjon og utvikling både hjå seg sjølv og hjå andre, det gjer organisasjonslivet spanande og noko eg har lyst til å fortsetje å jobbe med lenge. Det finnest alltid ein ny veg å gå i organisasjonslivet, og det er rom for å prøve, feile, lukkast og mestre.

For å få fleire ungdommar engasjerte i frivillig arbeid trur Dukefos det er viktig å lytte til, forsøke å forstå og backe opp dei unge som ynskjer å bidra.

– Det er ikkje noko hokuspokus trur eg, frivillig arbeid handlar om å gjere noko både for seg sjølv, for andre og samfunnet rundt. Me som ungdomsorganisasjon kan tilby eit supplement til livet som skulen verken kan eller skal.               

Gode middelvegar
Ho drøymer om at barn som er asylsøkjarar blir behandla som norske barn og at skulehelsetenesta blir betre.

– Eg håpar me som organisasjon kan gå i bresjen for å få til det, gjerne saman med dei andre ungdomsorganisasjonane som arbeider for det. Eg meiner me heilt klart er sterkare saman, men me må ikkje miste oss sjølve i prosessen med å få til eit samarbeid. Det er ein hårfin balanse.

– Røde Kors Ungdom skal vere ein viktig samfunnsaktør fordi me snakkar med dei me snakkar på vegner av. Me skal arbeide med dagsaktuelle problemstillingar på ungdom sine eigen premiss. Eg håpar me får fleire medlemmer som igjen kan bli med på å bestemme kva me som organisasjon skal velje å jobbe med framover. Målet er at ungdom blir sett, høyrt og forstått.

Dukefos har hatt mange førebilete gjennom åra.

– Eg skiftar litt førebilete frå tid til annan, då eg gjekk på vidaregåande såg eg opp til Karin som jobba med psykisk helse blant ungdom på skulen, ho sette ord på alt eg gjekk rundt og tenkte på og eg forsto at det var heilt normalt å føle seg litt rar innimellom. Då eg vart frivillig i Røde Kors Ungdom såg eg opp til andre i organisasjonen, eg har vore veldig inspirert av Thorvald Stoltenberg som var president i Røde Kors tidlegare.

– Thorvald er ein jovial kar som meiner ein må fokusere meir på å finne gode middelvegar. Eit anna førebilete som har følgt meg er Siri Hustveit, romanane hennar fasinerer meg fordi ho skriv godt om psykologi og korleis me menneske er mot kvarandre.

Spanande val
For tre år sidan var ho ungdomsdelegat i Nepal. Å bu i Kathmandu i ni månadar for å arbeide med ungdomsorganisasjonar der, på nepalesiske ungdommar sine premiss er ei av dei beste opplevingane ho sit igjen med etter tida i Røde Kors Ungdom.  Ho har aldri angra på vala ho har gjort.

– Eg har tatt mine val både fordi det har virka spanande og rett, men også fordi mykje har vore tilfeldig. Eg byrja å studere psykologi, men fekk for dårlege karakterar til å kome inn på profesjonsstudiet, slik fekk eg opp augene for arbeidslivspsykologi.

– Då eg tok eit halvt år fri frå studiene for å reise rundt i Italia for å lage fotoutstilling ville eg gjere noko anna, lære meg italiensk fordi det er eit vakkert språk og samstundes tene penger. Det siste skjedde ikkje, men det er dei to andre opplevingane eg uansett har fått mest igjen for. Å vere blakk gjorde også at eg tok ein deltidsjobb på eit krisesenter for kvinner med rusproblematikk som gav meg gode erfaringar. Eg trur val handlar om å vere tilfreds med dei tilfeldigheitene som påverkar kvarandre, samstundes er det viktig å vite at val får konsekvensar.

– Korleis blir vala våre påverka av dei rundt oss?

– Eg trur det er veldig individuelt, nokon har stort behov for veiledning, tilbakemeldingar og tydelege forventningar om kva ein skal gjere og korleis for å trivast, medan andre flyt litt meir rundt og gjer sine eigne ting. Men eg trur det er lettare å ta val dersom ein er tydeleg på kva forutsetningar som ligg til grunn for at ein skal ha det bra.

Les saka i Magasinett!

Les fleire saker i serien Mitt liv – mine val:

I vinden

Hekta på festival

Rådgjevaren

Designblikk