P3 speler meir norsk musikk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knuser amerikanske hitar

Den andre veka i januar står den Oslo-baserte rapduoen Envy bak den mest spelte låta på P3. Dei er følgt av den norske indiepop-gruppa Highasakite. Røyksopp og Susanne Sundfør, Charlotte Qvale og Thomas Eriksen står bak dei neste to låtane på lista.

Først på femteplass snik Eminem og Rihanna seg inn som første utanlandske innslag. 17 av dei 30 mest spelte låtane denne veka er signert norske artistar. Det speglar ein trend på P3 dei siste tjue åra, der talet på norske artistar har auka.

Fleire norske artistar
Musikkmeldar i Bergens Tidende, Anna W. Ofstad, har undersøkt utviklinga av NRK P3s spelelister gjennom tjue år. I samband med masteroppgåva i medievitskap ved Universitetet i Bergen, har Ofstad kategorisert over 15.000 låtar.

Eit av funna var at talet på norske artistar har auka i ein av Noregs mest populære ungdomskanalar.

– Eit av dei mest overraskande funna i undersøkinga var at talet på amerikanske artistar har gått ned, medan talet på norske artistar har gått opp. Både på A-, B- og C-listene har det vore eit oppsving for norske artistar dei siste tjue åra, seier Ofstad.

P3s spelelister består av A-, B- og C-listene. A-lista har færrast songar og vert oftare spelt enn dei andre listene. Tendensen til ein auke i talet på norske artistar går att på alle listene i dei fleste periodane Ofstad har sett på. I 1993 var totalt ni prosent av artistane på P3s spelelister norske, mot 36 prosent i 2012.

Allmennkringkastingsrådet og Medietilsynet har fleire gongar framheva at P3 bør satse på norsk musikk, noko kanalen ser ut til å ha teke til seg. Ofstad løftar dessutan fram P3 si Urørt-satsing, der usignerte norske artistar kan eksponere musikken sin, som ei mogleg forklaring. Også dei tidlegare musikksjefane i P3, Håkon Moslet og Marius Lillelien, sine uttalte ønske om å styrke norsk musikkliv vert trekte fram av musikkmeldaren.

– NRK P3 tok grep om å auke talet på norske artistar tidleg på 2000-talet. Deretter kom det også eit krav frå dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland om å spele kring ein tredel norsk musikk, forklarer musikksjef i P3, Mats Borch Bugge.

Tradisjonelt har musikk frå USA i stor grad prega både spelelistene til P3 og VG-lista.

– Samla sett har talet på amerikanske artistar gått ned på P3 sine spelelister. Her skil A-lista seg ut. Der har talet på amerikanske artistar gått noko opp, seier Ofstad.

På VG-lista har talet på amerikanske artistar gått opp, frå 34 prosent i 1993/1994, til over 50 prosent i 2012.

Artikkelen held fram under videoen:

Sterk posisjon
Ofstad meiner auken har mykje å seie for norsk musikkliv. Det såg ho mellom anna då ho samanlikna P3s spelelister med VG-lista Topp 20, som er Noregs offisielle salsliste for musikk.

– Mi erfaring var at namn som hadde vore på P3 sine lister først veker seinare hamna på VG-lista. Det er vanskeleg å seie om dette til dømes er fordi det tek nokre veker før salstala stig såpass mykje at det gjer utslag på VG-lista, men det kan òg stadfeste den sterke posisjonen til P3, seier ho.

Trass inntoget av streamingtenester som Spotify og Wimp, høyrer unge lyttarar framleis på radio. I 2012 høyrte 45 prosent av unge mellom 16 og 19 år på radio ein gjennomsnittsdag.

P3 er ein viktig aktør i norsk musikk- og kulturliv, og hadde i 2012 sin høgaste marknadsdel nokon gong, med ni prosent av lyttarane.

– P3 er ikkje berre Noregs største radiokanal for unge. Kanalen har også etablert seg utanfor radio, med ulike arrangement, konsertsamarbeid med VG-lista Topp 20, eigne konsertkonsept som P3sessions, og satsingar som Urørt. Kanalen er òg tilstades på festivalar og skular. P3 har blitt ein merkevare og det gjer at satsinga på norske artistar har mykje å seie for norsk musikkliv, seier Ofstad.

Jazz og blues taper, medan pop vinn
P3 har ei særskilt rolle i norsk musikkliv. Ifølgje NRK-plakaten skal kanalen sikre tematisk og sjangermessig breidde, spegle mangfaldet i befolkinga, styrke norsk språk, identitet og kultur, og vere eit ikkje-kommersielt tilbod.

Kanalen har likevel blitt skulda for å spele for mykje kommersiell musikk og for å representere eit mindre variert spekter av sjangrar.

Målet til Ofstad var å finne ut om P3 verkeleg har blitt meir kommersiell og mindre variert, slik kritikarane hevdar. Ho understrekar at hoikkje kan svare på om kanalen i heilskap har blitt mindre variert og meir kommersiell enn før, då ho berre har undersøkt spelelistene til P3. Program som Urørt og Lydverket er dermed ikkje med i datagrunnlaget.

Nokre tendensar har Ofstad likevel funne. Ein av desse er at dei store sjangertaparane på P3 er jazz, blues og klassisk. Desse sjangrane er nærmast ikkje-eksisterande på spelelistene i P3, i alle periodane Ofstad har sett på.

– Det har vore eit ønske frå Allmennkringkastingsrådet at jazz og blues skulle bli meir spelt, men det har aldri prega spelelistene. Spørsmålet er likevel kor stort sjangerspekter ein kan kreve av P3 før det blir søkt. Skal kanalen til dømes spele korpsmusikk? P3 har aldri lagt skjul på at pop og rock vert vektlagt. Samstundes er kanalen som allmennkringkastar absolutt forplikta til å spegle mangfaldet i bransjen, seier ho.

Andre trendar som kom fram i undersøkinga var at sjangrane dance, trance og funk nærmast har forsvunne ut av listene. Rock tek òg mindre plass enn før, medan hiphop og indiepop har gjort seg meir gjeldande. I det siste har dessutan dance-sjangaren gjort nokre forsøk på eit nyinntog.

(Artikkelen held fram under videoen:)

Den store vinnaren er likevel ikkje hiphop eller indiepop. Popmusikken dominerer framleis dei fleste listene. Ofstad trekkjer fram A-lista.

– A-lista er mindre sjangervariert enn før og har mest til felles med VG-lista, som i mi undersøking vart brukt som ein definisjon på kommersiell musikk. B- og C-listene har derimot hatt ein motsatt trend, og blitt meir sjølvstendige enn før, seier Ofstad.

LES OGSÅ: Highasakite – draum og dikt

Grenselaus sjangerbreidde
Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge, meiner at kanalen meir enn nokon gong speglar sjangervariasjonen i musikklivet.

– P3 har nærmast har grenselaus sjangerbreidde. Vi spelar både det som er populært blant unge og vi har ein oppdragande effekt, ved å spele ein del banebrytande musikk, seier han.

At jazz ikkje er representert på listene ser han ikkje på som noko stort problem.

– NRK har andre kanalar som tek vare på jazzsjangeren, så det uroar meg ikkje at jazz ikkje er på spelelistene våre, seier han.

Borch Bugge er heller dessutan ueinig i at blues ikkje vert spelt på P3.

– Sjangerkategoriseringa i undersøkinga er ikkje heilt presis. I P3 forvaltar vi til dømes bluestradisjonen gjennom å spele rock. Eit eksempel er det moderne bluesrock-bandet The Black Keys, som vi har spelt enormt mykje, seier han.

Ofdal finn då òg at P3 har meir variasjon i sine spelelister enn VG-lista. I tillegg har andre musikksjangrar plass på kveldstid, sjølv om populærmusikken dominerer på dagtid.

Faktaboks

Nokre av hovudfunna om P3 sine spelelister:

• Norsk musikk har hatt ein kraftig vekst på P3s spelelister.
• Talet på amerikanske artistar har gått ned på spelelistene til P3, i motsetnad til på VG-lista Topp 20.
• Band på stadionrock-storleik har blitt mindre spelt, medan mindre etablerte artistar har fått meir plass på P3-listene.
• P3 spelar fleire ulike sjangrar enn VG-lista Topp 20, der til dømes rock, hardrock og indiepop ikkje har vore spelt i stor grad.           
• Talet på ulike sjangrar har gått ned på A- og B-lista.
• Sjangrar som alternativ rock og poprock har gått ned i nyare tid, medan sjangeren pop tek større plass.
• Sjangrar som blues, jazz, country, punk, world, folk og reggae er nærmast ikkje representert i nokre av periodane.
• Sjangrane rap/hip hop og indiepop har fått meir plass på P3 sine spelelister gjennom åra.
• Hardrock har også gått noko opp, medan rock har gått ned.
• Dance/trance går i hovudsak tilbake, men har hatt ei lita vekst i nyare tid.

Fakta:
Anna W. Ofstad har skrive masteroppgåve om utviklinga av NRK P3 sine spelelister. Ho har kategorisert over 15.000 songar i arbeidet.