Overvektige finn støtte på nettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar ved NTNU Ingeborg Grønning har skrive ei doktorgradsavhandling om sjukleg overvekt, og gjennom intervju med folk som har vore gjennom ein vektreduksjon fekk ho høyre om ulike vekttap-forum på nett. 

– Eg oppdaga at dei brukte ulike forum for å få erfaringsbaserte svar på spørsmål frå lekfolk, fortel Grønning til Forskning.no

Ved å studere ei dagbok på eit online vekttap-forum som også er open for kommentarar frå andre deltakarar, fann ho ut at visse innlegg får meir respons enn andre.

Steppar inn
– I 19 av 22 tilfelle fekk den aktive brukaren Astrid positive svar når ho kom med innrømmingar av typen «no har eg ete godteri og drukke vin i fleire dagar». Sosiologen Erving Goffman brukar omgrepet «å redde ansikt», og det verkar som om dei andre i forumet veit korleis det er å vere overvektig, og steppar inn for å redde ansiktet hennar, forklarer forskaren.

Innlegga på vekttap-forumet som Grønning har forska på er opne for alle deltakarar, og ein kan vere anonym. Det er eit viktig aspekt sidan overvekt høyrer til dei lidingane som framleis er stigmatiserte, trur ho.

– Masse stigma er knytt til overvekt, men i eit forum slepp ein unna den offentlege skamma, og kan prate ut utan innblanding frå verken normalvektige, legevitskapen eller styresmaktene, seier Ingeborg Grønning til Forskning.no.