Oversett debutant vann pris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisane blei delt ut i Oslo måndag.

– Det er viktig å oppmuntre til at vi finn tid og rom til boka og litteraturen. Fordi møtet mellom kvalitetslitteraturen og lesaren er heilt spesielt, sa statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H) i talen sin.

– Kvalitetslitteraturen utfordrar fantasien, kreativiteten, refleksjonen og forståinga til barn og unge. Han kan sette ord på erfaringar og hendingar som barn og unge kan identifisere seg med. Han kan forklare vanskelege ting på ein måte dei kan forstå, fortsette statssekretæren.

LES OGSÅ: – Nominasjonane speglar utvalet

– Lite nynorsk
– Det står bra til med mykje av norsk barnelitteratur, det er variasjon i teksttypar og temaval, konkluderer juryen, som likevel ikkje berre er positiv i oppsummeringa si av barnebokåret 2014.

– Det er få bøker som blir omsette til nynorsk, og det er urovekkjande. I tillegg kjem det ut ei forsvinnande lita mengd lyrikk for barn og unge, slår juryen fast.

Om prisvinnar Liv Marit Weberg skriv juryen dette: «Verkemidla i Webergs tekst er få, men velvalde. Med minimalistiske vert dei ulike stemningane og rørslene i det indre livet til hovudpersonen skildra. Viljen til å forfølge ideen om ei kortprosaframstilling av eit individ skaper eit flott og originalt litterært verk».

Prisen er på 50.000 kroner.

Faktaboks

Dei andre prisane, kvar på 35.000 kroner, gjekk til desse forfattarane:

• Biletbokprisen: Eli Hovdenak – «Øya»

• Fagbokprisen: Stein Erik Lunde (forfattar) og Ragnar Aalbu (illustratør) – «Dra krakken bortåt glaset. Ei bok om Alf Prøysen»

• Illustrasjonsprisen: Anna Fiske for sitt samla bidrag til illustrert litteratur for barn og unge i 2014

• Debutantprisen: Lise Forfang Grimnes – «Kaoshjerte».

• Omsetjarprisen: Tiril Broch Aakre for omsettinga frå amerikansk-engelsk av Allen Zadoffs «Boy Nobody».

• Teikneserieprisen: Xue Ting Yang – «Et annet sted».

• Spesialprisen: Bjørn Ousland for polarserien: «Nordover. Med Nansen mot Nordpolen» (2008), «Sydover. Kappløpet mot Sydpolen» (2009), «Nansen over Grønland» (2012) og «Amundsen gjennom Nordvestpassasjen» (2014) (©NPK).