Overraska av topp lammekjøtt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Grannar.

– Årets lam ser heilt fantastiske ut. Kvaliteten er utmerka, og det har vore eit spesielt godt år med god kjøttfylde som gjev veldig gode klassar. Vekt og klasse er høg, men feitt er lågt, seier fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg hjå Nortura sitt slakteri i Sandeid og er godt nøgd med alle lamma som kjem inn til slakt denne sesongen.

Dårleg beite på våren og forsommaren, i tillegg til forseinka fjellbeite grunna mykje snø ser ikkje ut til å ha hatt innverknad på kjøtkvaliteten.

– Beitet var rundt éin månad forseinka i fjellet, men når snøen forsvinn kjem voksteren. Og den er kraftig. Samstundes har det vore vått og ikkje så varmt. Dette gjer at beitet ikkje veks så fort slik at dyra har fått næringsrikt gras gjennom heile beitesesongen. Dessutan et kanskje ikkje sauen så godt når det er veldig varmt, trur Stokkevåg.

Snittvekta på lam levert av produsentar frå Etne kommune ligg på 20,6 kilo, noko som er i overkant av landsgjennomsnitt. For Vindafjord kommune ligg snittvekta på 19,5 noko som er i tråd med landsgjennomsnittet.

LES OGSÅ: Høyrt om cowfunding?

Travel sesong
Slaktesesongen for lam varer frå til september til midten av november, og desse tre månadene er den mest hektiske tida for dei som jobbar ved slakteriet i Sandeid. Rundt 112.000 sau og lam skal handterast, og til det trengst det mange ekstra hender.

– Me har 53 sesongarbeidarar i sving, og to slaktelinjer går samstundes. Ei linje er øyremerka lam og på den andre har me storfe, fortel fabrikkleiaren som er svært glad for å ha åtte unge lokale sesongarbeidar med på laget dette året.

– Me håpar nokre av desse blir og vil satsa vidare på faget. Dei er kjempeflinke. Me er også så heldige å ha rundt 30 sesongarbeidarar frå Litauen som kjem igjen år etter år. Det er me glade for. Dei slepp å lærast opp og dei bidreg til eit godt arbeidsmiljø, skryt ho.

Sjølv om det kan bli lange arbeidsdagar i den travlaste tida, er fabrikksjefen opptatt av at arbeidsmengda ikkje skal bli for stor.

– Alle har overtid, men ikkje for masse. Det er ikkje bra for helsa, understrekar ho og kan visa til ein sjukefråværsprosent på berre 4,7 på dei 60 fast tilsette ved bedrifta.

LES OGSÅ: Okse på nær 1.300 kilo

Trivsel og helse
Ved Nortura står trivsel og helse i fremste rekkje både når det gjeld folk og dyr.

– Trivsel på jobb og god aktivitet gjev ein god økonomi, understrekar Stokkevåg.

Ho er opptatt av at dyra skal ha det best mogeleg dei siste timane dei har igjen her på jord. Dyr som ventar i slaktekø får mat og vatn, og for å minka stressnivået vert sauer og lam klippa etter at dei er avliva. Stressnivået i kroppen vert målt etter at dyra er slakta.

– Dyrevelferd er viktig både for kjøtkvalitet og for dyra. Stress gir høg PH. Det kan me måla. Er kjøtkvaliteten god viser det seg at dyra har hatt det godt, seier ho.

LES OGSÅ: – Dei store partia tek dyrevelferd lite seriøst

Stort slakteri

Nortura i Sandeid er eit stort slakteri med ei slaktemengd på 11.000 tonn kjøt årleg, fordelt på 14.000 storfe, 75.000 gris og 112.000 småfe. I sommar vart det gjort investeringar knytt til gris, og ennå er det rom for auka kapasitet.

– Me auka kapasiteten med 2000 tonn i fjor. Ennå kan me auka meir, men då må det gjerast litt investeringar, seier Stokkevåg og kan skryte av å ha eit av dei mest effektive slakteria i landet når det gjeld gris.

LES OGSÅ: Vart mor, bestemor og oldemor same dag

Slakt og skjering
Anlegget driv i hovudsak med slakt og skjering av lam til pinnekjør. Men bønder som leverer til slakteriet får litt ekstra service.

– Me kan laga kjøttdeig til dei som leverer inn dyr. Og i butikken vår kan me tilby Gilde og Prior varer til våre leverandørar. Alt kjøtet kjem frå norske produsentar. Det gjev trygg mat, seier Stokkevåg og håpar landbruket her til lands kan bli så sterkt at import av dyr vert unødvendig.

– Det er viktig at me jobbar for eit sterkt landbruk, seier ho.