Over 2000 drepne av politi sidan 2013

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over 2000 drepne av politi

På toppen av dette må ein rekna med store mørketal.

Det har lenge vore vanskeleg å finna nøyaktige tal på kor mange sivile som døyr i samband med politiarbeid i USA, men ein har lenge hatt ei aning om at talet er ganske høgt. Til og med her heime høyrer me ofte historiar om folk som blir skotne av amerikansk politi – no nyleg vart temaet høgaktuelt på nytt då Walter L. Scott, ein svart mann frå South Carolina, vart skoten åtte gonger av ein politibetjent.

Politibetjenten forklarte at han skaut i sjølvforsvar og frykta for sitt eige liv, men i ein mobilvideo tatt opp av eit vitne ser det ut til at Scott ikkje var væpna, og at politibetjenten slepp eit våpen ved sida av han etter at han er skoten og lagt i handjern.

Hendinga har kasta nytt lys på spørsmålet om kor mange som faktisk blir drepne av amerikansk politi kvart år.

LES OGSÅ: – Sivile tap blir ikkje granska i Afghanistan

 

Mørketal
I ein fersk rapport frå statistikkbyrået til det amerikanske justisdepartementet (BJS), kjem det fram at 928 menneskjer vart drepne av politifolk i året i snitt frå 2006 til i dag. Det talet er skyhøgt samanlikna med tala FBI har rapportert dei siste åra – 383 menneskjer i året, ifølgje The Guardian.

Med andre ord har offisielle rapportrar i snitt utelatt 545 menneskjer som blir drepne av amerikansk politi kvart år. Mest truleg er dei faktiske tala endå høgare.

Sivile sider, drive av idealistiske privatpersonar, viser høgare tal. Ei av desse, Killedbypolice.net, samlar nyheitssakar om sivile som blir drepne av politiet. I deira oppteljing vart 1100 menneskjer drepne av politiet i 2014 – og sidan dette er basert på nyheitssaker, må ein også rekna med at det er mørketal også i denne statistikken.

Så langt i år har 316 menneskjer døydd i samband med amerikanske politiaksjonar, ifølgje KilledByPolice.net. Og talet stig kvar dag.

Killedbypolice.net samlar nyheitssakar om menneskjer som blir drepne av amerikansk politi, av skyting, ulukker og liknande. Lista er lang. Foto: Skjermdump

LES OGSÅ: – For lite skyting på politihøgskulen

Ferguson
Då Michael Brown, ein svart ung mann, vart skoten i Ferguson 9. august i fjor, starta det opp ein stor debatt om politivald i USA – spesielt av typen som blir retta mot svarte unge menn.

Opptøyane som følgde etter hendinga gjorde at president Barrack Obama etterlyste meir informasjon om dødsfall i samband med politiaksjonar.

Då rapporten var lagt fram understreka han kor viktig slik informasjon er.

– Nett no har ikkje me eller lokalsamfunn eit klart bilete av kor ofte det er samhandling mellom politi og borgar som endar med skyting og død, sa Obama.

LES OGSÅ: – Eg håpar ikkje Obama er inspirert av Frank Underwood

Store skilnader
Det amerikanske samfunnet slit på fleire måtar – spesielt blir skilnadane mellom fattig og rik større for kvart år.

USA-ekspert Svein Melby frå Institutt for forsvarsstudiar sa til VG nyleg at det aukande klasseskillet er bakgrunn for mykje av misnøya og demonstrasjonane i landet.

– Dei siste 20-30 åra har det vore ei markant auke i klasseskiljet, og det har særleg blitt fleire fattige svarte. Me ser no ei oppblomstring av demonstrasjonar og opptøyar som byggjer på generell misnøye i folket, seier Melby til VG.

Han meiner Obama har feila i politikken sin, og at det er grunnen til at forholda er som dei er i dag.

– Opptøyane har blitt ein fornya debatt om raseproblematikk i USA. Obama, som hadde som mål å samla nasjonen på tvers av rase, har feila. Han har auka skilnadane betrakteleg, seier Melby til VG.

 Debatten er langt ifrå over, og kan eskalera om Melby får rett.

Samstundes blir talet på dødsfall høgare og høgare.

LES OGSÅ: Våpeninstruksen for politiet blir endra