≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Norsk Målungdom

Østfold, nynorsken og eg

Ein østfolding kjem ut or skapet som nynorsking. På vegen dit sleit han med tvil, usikkerheit og personlege utfordringar.

Hans Rasmus Glomsrud sit i Landsstyret i Norsk Målungdom.
torsdag 26. mars 2015 10.33

Østfold, nynorsken og eg – Østfoldingen slit med dårleg sjølvtillit. Det har vi gjort lenge. Da eg byrja å kladde til dette stykket slo det meg at kanskje dette hadde med embetsmennene å gjere, skriv Hans Rasmus Glomsrud.

Innlegget var først i Motmæle, medlemsbladet til Norsk Målungdom.

Kvifor skal eg skrive nynorsk? Fram til no har eg ikkje hatt noko godt svar på det. Det tek tid å banke bokmålet ut av ein østfolding, for å seia det slik. Men eg har så langt ikkje følt det var rett at eg skulle gjera det, og elles tenkt at det er fint å veksle mellom dei to språka. Og det er jo så klart det. Men for meg er tida kommen for å ta eit klarare standpunkt. Eitt år i landsstyret har gjort noko med meg. Tida er komen for å komma ut av skåpet som nynorsking.

Nynorsken var framand for meg. Eg forsøkte å overtyde meg sjølv om at han ikkje var det. Men eg er østfolding, og verda vi veks inn i er på bokmål. Da vi gjekk på barneskulen lærte vi ikkje å skrive bokmål, vi lærte heilt enkelt å skrive. Og eg er glad i heimplassen min. Sannsynlegvis like glad i han som du er i din. Skal bokmålet ned sluket må derfor ikkje Østfold følgje etter. Spørsmålet har vore om eg, som østfolding, har nokon rett til å vera nynorsking.

LES OGSÅ: Med eit mål for auget – dette er den nye leiaren av Norsk Målungdom

Nynorsken slo aldri gjennom i Østfold. Det er først no det har slege meg at det kanskje er ein grunn til det, og at den grunnen ikkje er at dialekten vår ikkje er norsk nok. Utan at eg har noko særleg forstand på det vil eg tru det heng saman med embetsmennene. Det var jo ein del av dei i Østfold, særleg sør i fylket. Før tenkte eg vel som mange ofte gjer at nynorsken og bokmålet høyrer heime der dei er i bruk, men det er jo eit argument som berre går i sirkel: Østfoldingar skriv bokmål, derfor bør dei skrive bokmål.

Østfoldingen slit med dårleg sjølvtillit. Det har vi gjort lenge. Da eg byrja å kladde til dette stykket slo det meg at kanskje også dette hadde med embetsmennene å gjere. Prosten Wilse, som vi feirar stort i heimbygda mi, skreiv på 1700-talet litt om språket til indre-østfoldingen. Han skreiv at folk prøvde å flotte seg ved å ta til seg franske og latinske ord i norsk fasong, og dermed vart det jo ikkje heilt riktig. Så skal det seiast at det er slik mange av dei flotte dialektorda våre er komne til. Likevel vitnar det om ei kjensle av å vera underlegen. Av å prøve å finne innpass hos dei «over» oss sjølve. Da må ein undertrykke seg sjølv.

Vi tenker at nynorsken er for folk som bur ved fjord og fjell. Iddefjorden er ikkje god nok i den samanhengen. Men så får vi jo høyre at nynorsken er tufta på dialektar frå heile landet, og er ikkje vi del av dette landet? Han Ivar var jo ein tur hos oss au. Han vart til og med nesten ein månad i heimbygda mi, og ikkje fór han tomhendt derfrå heller. Nynorsken er jo tidenes dugnad i Noreg, og vi gav altså vårt vi au. Da har vi vel rett til å hauste av det vi sådde (ja, eg kjem frå gard)? Det er jo noko utruleg flott i det å samle landet gjennom språket.

Det meste [av det han har skrive] er prega av at eg i heile denne tida har vore aktivt med i eit miljø som trassig har meint – og meiner – at Østfold bør sjåast som ein del av nynorsk-Noreg. Dette er sjølvsagt ein temmeleg uvan tanke for mange, og det inneber ei formidabel plateforskyving av kulturelt og politisk perspektiv: østfoldingar er ikkje frå eit soveområde sør for Oslo, vi er frå eit norsk distrikt med eigen identitet og språk. Og vi har like stor rett til å definere oss inn i den nynorske kulturkretsen som fylke og stader i vest og oppover dalane.
- Magne Aasbrenn i forordet til Ferdaminne Fredrikstad.

Eg får lyst til å skrike det ut: Visst pokker har han Magne rett! Det er ikkje det at det er noko gale med Oslo. Oslo-folk er folk dei au, men eg kjem frå ein annan stad. Vi er ikkje eit underbruk.

LES OGSÅ: – Nynorsk is a better language

Så langt Østfold. I haust sleit eg med negative tankar om meg sjølv. Eg har ofte vore usikker på meg sjølv, men denne hausten greip tungsinnet meg. Mykje av det dreidde seg om tvil rundt mi eiga legning. For å sleppe å ha tankane i hovudet heile tida, byrja eg å skrive dei ned. Språket vart nynorsk.  Det var sikkert fleire grunnar til det. Men viktigast var kanskje det at eg trong avstand. Avstand til tankane mine. Bokmålet hadde følgt meg heile livet og var ein del av den identiteten eg ikkje følte var heilt meg. Nynorsken stod der utan krav. Han tok i mot dei innarste tankane mine, og sette ord på dei. Det kjendest spennande og frigjerande. Nynorsken vart språket mitt.

Hit er eg altså kommen. Eg har vorte nynorsking, og østfoldingen i meg er like sterk som før. På sett og vis er han vorten sterkare som nynorsking. Det er som om han endeleg kan rette ryggen og vera kry av seg sjølv akkurat slik han er. Eg skal ikkje legge skjul på at eg framleis tvilar, både på meg sjølv og nynorsken. Men Målungdommen set noko fri i meg, som det er verdt å ta vare på. Det er ein god nok grunn til å satse på nynorsken.

LES OGSÅ: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg


Oppdatert: torsdag 26. mars 2015 11.40
Kommentarar

Østfold, nynorsken og eg
Hans Rasmus Glomsrud sit i Landsstyret i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom


Debatt

Brenn du inne med noko? Få det ut hos Framtida.no – me vil høyra di stemme! Skriv epost til tips@framtida.no!

 
ANNONSE: