Ordbøker kan vera i strid med likestillingslova

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordbøker kan bryta lova

Er det meir kvinneleg å syte, slik Nynorskordboka kan få oss til å tru?

Forfattar og Framtida.no-spaltist Sigrid Sørumgård Botheim skriv om gamaldagse kjønnsstereotypiar i ordbøkene og spør om det er trong for ein revisjon.

– Dei fleste orddefinisjonane seier ingenting om menn eller kvinner, men i mange av eksempla som blir brukte er det ein klar skilnad. Keisame verb eller ord som gjeld utsjånad har oftast kvinner og barn i eksempla, medan tøffe eller valdelege ord har menn i eksempla, skriv ho i innlegget sitt på Framtida.no.

Les innlegget: Jåle, spjåk, fjolle, gås

Brot på lova?
– Skular og andre undervisingsinstitusjonar har klare plikter etter Likestillingslova om å bruka læremiddel som byggjer på likestilling uavhengig av kjønn, seier Taran Knudstad, seniorrådgjevar ved Likestillings-og diskrimineringsombodet.

Ho presiserer overfor  Framtida.no at ombodet ikkje har gått inn sjølv og sjekka ordbøkene, men legg til at viss skulane skal bruka eit læremiddel som fremjar kjønnsstereotypiar, så kan det vera eit brot på Likestillingslova.

– Kva seier du til døma som Sigrid Sørumgård Botheim trekk fram, som til dømes «syte – person, særleg kvinne, som syter mykje.»?

– Det er ein klar kjønnsstereotyp, seier Knudstad til Framtida.no.

Ho seier at døma viser at ordbøkene har blitt flinkare til å bruka kjønnsnøytrale ord, men at det i definisjonane av orda heng igjen gamaldagse kjønnsstereotypiar.

LES OGSÅ: Takk for no, stereotypiar

Smerteleg klar over utdaterte ordbøker
Det er Språkrådet og Universitetet i Bergen som frå sommaren har ansvar for ordbøkene.

Språkdirektør Åse Wetås svarer dette på kritikken av ordbøkene:

– Me er smerteleg klar over at mange av tekstane i Nynorskordboka ikkje er revidert sidan dei blei utvikla på 70-talet og tidleg 80-tal. Verda har endra seg sidan den gongen, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Wetås er klar på at ordboktekstane og bruksskildringane må endrast.

Ho seier til Framtida.no at Språkrådet og Universitetet i Bergen vil arbeida for å finna finansiering til å revidera ordbøkene.

– Det faglege arbeidet er eit forskingsarbeid, og dette må det søkjast forskingsmidlar til, forklarer ho.

LES OGSÅ: 333 173 grunnar til å elska norsk