Orda er for alle

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først hos Ivar Aasen-tunet

«Dette er ikkje meg.» Eg har stått i mange prøverom med denne tanken. Gjerne i finare butikkar i eit desperat forsøk etter å fornye og friske opp garderoba. Det er ingenting gale med kleda eg prøver. Det kan til og med vere dei passar i storleik, form og farge. Men eg kjenner meg ikkje heime i dei. Eg kler dei ikkje. Dei er ikkje min stil.

«Dette er ikkje meg.» Eg har stått i mange samtalar med denne tanken. Eg har nettopp sagt ei setning der eg har brukt eit ord som ikkje høyrer heime i mitt ordforråd. Det er ingenting gale med ordet. Det kan til og med vere det passar godt inn i samanhengen. Men eg kjenner meg ikkje heime i det. Det kler meg ikkje. Det er ikkje min stil.

Det er mange ord som gir meg denne kjensla. Ordet kul, til dømes. Eg kan framleis hugse kjensla eg fekk første gongane eg brukte ordet kul utan å tøyse. Det er lenge sidan. Sikkert 20 år sidan. Likevel hugsar eg det. Eg identifiserte meg ikkje med andre som brukte ordet kul. Det var som om eg prøvde å verke kulare enn eg var.

LES OGSÅ: Østfold, nynorsken og eg

Og det er mange plagg som gir meg denne kjensla. Sko med høge hælar, til dømes. Eg kan framleis hugse første gongen eg gjekk med høge hælar utan at det var utkledning. Det er lenge sidan. Sikkert 20 år sidan. Likevel hugsar eg det. Eg identifiserte meg ikkje med andre som gjekk med høge hælar. Det var som om eg prøvde å vere ein annan enn den eg var.

Klede og språk er begge identitetsberarar. Måten vi kler oss på og måten vi uttrykkjer oss på seier noko om kven vi er, kvar vi kjem frå og kven vi ønskjer å vere. Eg har ei komfortsone både når det gjeld klesdrakt og språkdrakt, ei sone, der eg kjenner meg heime, med ganske kraftige vegger som eg helst held meg innanfor.

Men enkelte gonger opnar eg døra og går ut. Av og til kjennes kjole og høge hælar som det beste alternativet. Av og til er orda til dei andre det beste alternativet. Ordet singel, til dømes, er ikkje mitt. Eg likar ikkje å bruke det ordet. Men kva er alternativet? Ungkar? Einsleg? Aleine? Ugift? Eller som mora mi kalla meg då eg var 28: Einsam?

Nei. Av og til blir det ukomfortable det mest komfortable. Også for meg. Orda er for alle.

LES OGSÅ: Kva om du ikkje hadde talespråk?