Open for å lovfesta ungdomsråd

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for å lovfesta ungdoms- råd

Kommunal- og regionalministeren meiner det er god distriktspolitikk å la ungdom få delta meir i lokalstyret. Her er det ho svara Framtida.no då me intervjua henne:

– Kva meiner du om at det er lovfesta med eldreråd i alle kommunar, medan det er frivillig med ungdomsråd?

– Eg er open for å lovfesta ungdomsråd. Men eg har starta med å senda ut eit brev til alle kommunar med ei oppmoding om å starta opp ungdomsråd. Så får me følgja med å sjå kor mange som ikkje følgjer opp. Det var 80 prosent som har det, men viss ikkje dette talet stig markant, så får me sjå på det. Eg meiner at både ungar og eldre er underrepresenterte. Dette må me ta på alvor. Det betyr noko for framtida, tenkjer eg, både for demokratiet vårt, men òg for korleis lokalsamfunna skal utvikla seg.

– Etter forsøket med stemmerett for 16-åringar. Kva skjer då?

– Då skal me sjølvsagt evaluera forsøket. Og så blir det ein debatt i Stortinget på eit tidspunkt. Då må me leggja fram evalueringa, og sjå på vegen vidare. Difor er det jo viktig å sjå på kva dette bidreg til. Og korleis dette påverkar dei kommunane som er med. Så eg er veldig oppteken av dette forsøket, og veldig oppteken av at ein skal følgja det veldig nøy for å sjå på kva effektar det har.

– Me viss forsøket viser seg å vera ein suksess. Vil du då gå inn for stemmerett for alle 16-åringar?

– Eg er veldig open i det spørsmålet, og tenkjer at me har ikkje diskutert dette korkje i partiet eller i vidare, så me må ta dei rundane. Så langt ser eg at det vekkjer sterkt engasjement.

– Ser du at å la ungdom få delta i lokalpolitikken er eit distriktspolitisk tiltak?

LES OGSÅ: Kvifor skal me engasjera oss?

– Eg trur at det kan vera med å auka engasjementet om lokalsamfunnet sitt, og kunnskapen om lokalsamfunnet sitt. For ein veit at det diverre er slik at mange ikkje veit kva høve lokalsamfunna kan by på. I den konteksten trur eg at om fleire unge kjem med i kommunestyre og er med og påvirkar kan medverka til at fleire blir buande eller kjem tilbake etter å ha hatt ein periode ute.

– Eg trur det er eit vinn-vinn å få fleire unge inn i kommunestyra. Det er morosamt å høyra frå min eigen heimkommune der det er åtte ungdommar på lista til Senterpartiet, av totalt 20 kandidatar. Det er eit framsteg. I nabokommunen Årdal er det sju av 20.

– Det viser kva det betyr om ein engasjerar ungdom. Det vil jo òg gjera at ein held på kontakten sjølv om ein flyttar ut.

LES OGSÅ: Fleire kommunar utan ungdomsråd

Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?