Ope landskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universell musikk
Det britiske bandet London Grammar har, ikkje overraskande, røtene sine i London. Men dei måtte ut av heimbyen for å finne saman. Det var i 2009, då dei gjekk førsteåret på universitetet i Nottingham, at Hannah Reid og Dan Rothman vart vennar. Dei fann raskt ut at dei hadde ei felles musikkinteresse, og begynte å spele saman; Hannah som vokalist og Dan som gitarist. Etter kvart vart Dan kjend med Dot Major, ein keyboardist og trommis frå Nottingham. Han vart med i bandet i 2010.

Namnet London Grammar valde dei fordi dei kjem frå London – men også fordi dei synest byen, som er svært multikulturell, representerer noko universelt. Og musikken til London Grammar nådde ganske riktig til andre enden av kloden omtrent på første forsøk.

Internett-hype
I 2011, då dei var ferdige med studia, reiste London Grammar attende til den engelske hovudstaden. Både Hannah og Dan flytta faktisk inn hos foreldra sine, der dei enno bur, medan Dot flytta inn med broren. Dei begynte å spele konsertar på små barar rundt om i byen, og vart raskt oppdaga av ein manager. I starten syntest Hannah det var ubehageleg å skulle vere frontfigur, slik ein nokså automatisk blir som vokalist. Ho grudde seg i starten for å synge live, og var veldig nervøs før konsertane; det var Dan som pusha henne og hjelpte henne over kneika. For den fyldige stemma til Hannah er ein viktig del av London Grammar sitt uttrykk.

Tidleg i 2012 skreiv bandet kontrakt med plateselskapet Ministry of Sound, og begynte å jobbe med debutalbumet. Dei la ut songen Hey Now på youtube i desember. På den tida fanst det verken foto eller informasjon om London Grammar på nettet; det skapte ekstra nysgjerrigheit, og songen vart ein hit. Den neste konserten deira vart utseld. Sommaren 2013 spådde bookmakerane at London Grammar sitt debutalbum skulle få Mercury-prisen – sjølv om albumet deira ikkje var komme ut enda!

Australia
Den første utgivinga frå London-bandet kom i februar 2013, ein EP som heiter Metal & Dust, og som gjekk inn på topp 5-lista – i Australia. Då singelen Strong kom ut i september, var det hovudsakleg i Storbritannia, Australia og Frankrike han slo an. London Grammar spelte nokre av dei første utselde konsertane sine på andre enden av kloden.

Albumet If You Wait kom også i september, og fekk gode kritikkar. Bandet jobba mykje med å lage eit uttrykk som var ope og ikkje for overprodusert, der stemma til Hannah Reid fekk kome til sin rett. Og ganske riktig er det ofte stemma hennar som først blir nemnd av musikk-kritikarar; ho blir gjerne samanlikna med stemma til Florence Welch i Florence & the Machine.

Det er også Hannah som skriv låttekstene, men songane blir jobba fram i fellesskap; ei utprøving av tekst saman med pianotonane til Dot og gitarakkordane til Dan. I oktober kom singelen Help me lose my mind, eit samarbeid med den britiske gruppa Disclosure. Derimot vart det verken Mercury-pris eller -nominasjon. Denne skuffelsen kom bandet derimot over raskt; dei har trass alt ikkje nådd midten av 20-åra enno.

Få fleire musikktips her!