Ønskjer seg ingenting til jul

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette ynskjer me oss til jul

I den landsomfattande undersøkinga gjennomført av YouGov, svarte ti prosent at dei ikkje ønskte seg noko til jul i år, mens åtte prosent var usikre på kva dei ønskte seg. Og jo eldre personane er, desto hyppigare svarer ho eller han at dei ikkje ønskjer seg noko, heiter det i ei pressemelding.

– Å gi gåver er tydelegvis ei utfordring. Kva gir ein til nokon som har alt frå før? Det er ikkje utan grunn at mange senter har såkalla gåvekonsulentar som hjelper kunden med gode idear og riktige gåver, seier utviklingssjef Lars Fredriksen i Oslo Handelsstands Forening (OHF) som tinga undersøkinga.

I den yngste aldersgruppa frå 18 til 34 år står pengar øvst på ønskelista. Ti prosent av dei spurde ønskte seg dette. Kvinnene ønskte seg helst reise, og sjølv om menn også ønskte seg dette, svarte endå fleire «ingenting». Mange av begge kjønn ønskjer seg også Apple-produkt.

LES OGSÅ: Tar oppgjer med julehysteriet

Fire av ti personar seier dei kjem til å handle julegåver for 3000 kroner eller meir denne jula, mens seks av ti svarer 1000 kroner eller meir.

– Tala viser at nordmenn er nøkterne når det gjeld julegåvekjøp. Vi opplever slettes ingen «kjøpefest», seier Fredriksen, som meiner dette har ein samanheng med at nordmenn er jordnære og ansvarlege forbrukarar. (©NPK)

Har du tips til den som har alt frå før? Del tipsa i kommentarfeltet!