Ønskjer meir tryggleik for syklistane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ønskjer tryggleik for syklistar

Dei tre siste åra har talet på omkomne i trafikken gått kraftig ned. Men dei mjuke trafikantane er nesten like utsette for alvorlege ulykker som før. I åra 2007 til 2011 har i snitt åtte syklistar omkome årleg på vegane, medan 58 er blitt hardt skadde. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at i fjor døydde 10 syklistar, medan 52 vart hardt skadde.

Alle ulukker blir derimot ikkje rapporterte til politiet, så talet på skadde kan vere høgare, trur Trygg Trafikk.

– Det er på tide å sjå på kva for tiltak som kan redusere sykkelulukkene. Trygg Trafikk har tidlegare tatt til orde for at 10 prosent av vegbudsjettet bør brukast på mjuke trafikantar, seier direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk.

Sandberg synest det er rimeleg, når 16 prosent av dei trafikkdrepne i fjor var gåande og syklande. Sidan 2007 har dette talet variert mellom 13 og 16 prosent.

Blant tidlegare foreslåtte tiltak er innføring av fartsgrense på 30 km/t i byar og tettstader og utbygging av fleire gangvegar og sykkelvegar i tettbygde strøk. Trygg Trafikk har samtidig ønskt ei trygg sone på 4 kilometer rundt alle skular, der barn kan ferdast trygt som fotgjengarar og syklistar.

– Det beste ville vore fysiske sperrer mellom bilane og mjuke trafikantar. Det krev gang- og sykkelvegar som er heilt skilde frå annan trafikk. Vi ser at mange stader kryssar sykkelvegane vanleg vegar. Det er ofte her ulykkene skjer, seier Sandberg.

Statistisk sentralbyrå har registrert kva for type ulykker syklistane har vore utsette for. Det viser seg at 92 av 330 skadar har skjedd etter ulykker med «kryssande køyreretningar». Dette betyr ein kollisjon med eit anna køyretøy som har kome frå høgre eller venstre sida til syklisten.

– Spesielt i byane må forholda for syklistane betrast. Krysningspunkt må leggjast til rette med siktsoner, fartsdempande tiltak i krysningspunktet og riktig skilting, seier Sandberg. (©NPK)

Les òg: Ingen parti er sykkel-parti