Ønsker seg fleire jenter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Amalie Nordeide Nyhammer. Ho går i 10. kasse på Meland ungdomsskule, og var ein av femti jenter frå Nordhordlandsområdet var heldige å få vera med på arrangementet Jenter og Teknologi, halde på Høgskolen i Bergen. 

– Vi håpar at fleire jenter frå region vår skal velje denne retninga, seier kompetansekoordinator Vivian Kårbø. 

LES OGSÅ: Heltar i realfag gir tips til ministeren 

Populært
Kårbø fortel at det er eit populært arrangement, og at det stadig er fleire interesserte jenter. 

– Det er viktig for oss å nå dei tidleg, så dei tek riktige val på vidaregåande, seier ho.

– Denne dagen får jentene mykje informasjon, både frå dei som er midt i studieløpet og frå ferdigutdanna ingeniørar, fortel Kårbø. 

– Det er viktig at jentene forstår konsekvensen av dei vala dei tek. På eit ingeniørstudium får ein faktisk bruk for den mattematikken som ein kan velje å ta på vidaregåande.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner 

Riktige val
Kristine Engan er prosjektleiar for dette arrangementet, og rådgjevar for Ingeniør og økonomifag. Ho fortel at høgskulen er oppteken av å inspirera fleire jenter til å velje realfag. 

– Det er så mange moglegheiter. Og det finst så mange gode jobbar, om ein berre veit å velje riktig, seier ho. 

Det vert presisert at det aldri er for seint, men ein sparar seg for mykje tid og ekstraarbeid om ein tenker seg om på førehand, og gjer dei vala som er rett for ein. 

LES OGSÅ: Kvinnene fyller universitetet 

Opne dører
Kårbø fortel at det er stort fokus på å informera ungdomsskuleelevar om alle vala ein kan ta. 

– Vi håpar og trur at all informasjonen kjem til nytte, og at ungdommen er reflektert nok til å ta dei vala som er rett for dei, seier ho. 

Jenter frå Meland, Matre, Nordbygda, Kaland, Lindås, Ostereidet, Radøy, Fedje og Knarvik ungdomsskule var med, og det var rift om plassane. 

– Det går rett og slett på kven som viser interesse for dette, seier Kårbø, og legg til at rådgjevarane på skulane har kontroll på kven som kan passe. 

LES OGSÅ: Vil ha fleire menn på psykologistudiet 

Selda frå Newton
Amalie og venninna Maia er fornøgde med å få vera med.

– Vi har lært masse om dei forskjellige yrka som vi kan velje, seier dei. 

– Det aller beste var at Selda var der og viste fram masse eksperimenter. Det har vi lyst å lære oss og, seier dei. Selda Ekiz har teke master i fysikk, og arbeider no med realfagsformidling. Ho er eit kjent fjes for ungdommen, sia ho var programleiar på NRK-serien Newton.

Les saka i Avisa Nordhordland!