Omsetjarar slit med norsk vêr og bannskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse norske orda er unike

Forskning.no fortel at då Henrik Ibsens «En folkefiende» skulle nyleg omsetjast frå originalspråket til åtte ulike språk oppdaga omsetjarane at dei sleit med ein del av dei same problema. Omsetjarar som arbeidde med klassisk arabisk, kinesisk, egyptisk, engelsk, hindi, japansk, russisk og spansk sleit med vêr, talemåtar og konseptet måtehald.

– Samstundes som Ibsen la seg tett opp til daglegspråket var han ein meister i å spissformulere utsegner og få orda til å tyde meir enn dei gjer, fortel Ibsen-forskar og professor ved Universitetet i Tromsø Lisbeth Pettersen.

LES OGSÅ: Peer i løgnarsk storform

Naturspråk er vanskelege
Omsetjar Anne Lande Peters har nyleg skrive om temaet i tidsskriftet Nordlit, og seier til Forskning.no at opphaldsvêr er meir enn berre fråvær av regn, men òg har ei positiv kjensle i seg.

Don Barlett, som omsette Jo Nesbø til engelsk, meiner ifølgje Peters at ordet opphaldsvêr berre finst på norsk. Det er ikkje førsteamanuensis i samisk, Harald Gaski, heilt samd i.

– På samisk heiter det «fiertu» og har same tyding, seier han.

Gaski meiner at språk som gror ut av naturen er vanskelege å omsetje, og har sjølv møtt utfordringar når han omset samisk litteratur til norsk og engelsk.

Kongolesisk vann kåring
I boka «Heil ved» har omsetjarane bytt ut referansane Blå Swix og brunost med langrennsski og elgjakt.

Då språkekspertar kåra dei vanskelegaste orda å omsetje til engelsk kom ingen norske med. Kåringa krona det kongolesiske ordet «ilunga» til vinnar. Det tyder «ein person som er villig til å godta eit overgrep eller overtramp éin gong, villig til å tolerere eit nytt overgrep eller overtramp for andre gong, men aldri ein tredje gong».

– Sjølv om ingen norske kom med er ord som gammalost, matpakkekøyrar og polkø vanskelege å forstå. I Japan og India viste måtehald seg å vere eit eksotisk vestleg fenomen, medan det på russisk berre har seksuell tyding, fortel Peters. (©NPK)

LES OGSÅ: Under beltestaden for kinesarane