Oljebransjen sluker fagfolka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Parodisk folke- styre av olja

Dei siste åra har naudropa kome stadig tettare: Noreg treng fleire arbeidsfolk med realfagsutdanning, og det kjapt! Industrien, kommunane, forskingsmiljøa, kraftselskapa, entreprenørane – alle slit med å få tak i nok ingeniørar og andre med realfagleg bakgrunn. Noreg manglar 16.000 ingeniørar og IKT-utdanna arbeidarar, melde NAV i januar.

Mykje er sagt om mangelen på studieplassar ved dei tekniske utdanningane og om ungdom utan interesse for realfag. Men ei anna side ved saka er mindre omtalt: Den enorme etterspurnaden etter realfagsutdanna frå ein stadig veksande petroleumsindustri, ein bransje med høge løner som òg er med på å drive opp kostnadene i andre bransjar og sektorar.

Medan tradisjonell industri i Noreg har skrumpa kraftig inn dei siste førti åra, har oljeverksemda i Nordsjøen vakse enormt. Og med dagens oljeprisar kan denne næringa tilby løner som knapt nokon andre kan matche. Dette er marknadens lov i praksis: Det er ikkje rart at den klart mest lønsame næringa i landet òg er den mest attraktive arbeidsgjevaren. Men det er ikkje sikkert at utviklinga dermed er sunn for det norske samfunnet på sikt.

LES OGSÅ: Krev forbod mot Statoil-film

Kuwait-syndromet
«Oljebransjen tømmer Norge for ingeniører», var tittelen på ei sak i Teknisk Ukeblad i november i fjor. Artikkelen peika på Kuwait-tendensane i Noreg, med ein stadig meir dominerande oljesektor: Næringa står for over halvparten av den norske eksporten og ein tredjedel av inntektene til staten og sysselset direkte og indirekte over 250.000 personar.

Også for oljebransjen og leverandørindustrien er mangelen på ingeniørar og andre med realfagsutdanning eit stort problem. Men der kan ein i det minste lokke dei folka som finst på marknaden med høge løner. For offentleg sektor er det verre.

«Teknisk sektor i kommunene mangler folk, nesten hver andre kommune har en eller flere ubesatte ingeniørstillinger. Det går utover planlegging, nybygging forsinkes og vedlikehold av kritisk infrastruktur i kommunene blir utsatt», sa kommunikasjonssjef Arve Christensen i Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (Nito) til Stavanger Aftenblad i fjor haust.

Solnedgang i oljeland
Med andre ord: Den oppsvulma oljebransjen gjer det vanskelegare og dyrare å få utført vegbygging, rassikring, reparasjon av avløpssystem, skulebygging og hundrevis av andre samfunnsnyttige oppgåver. Men også mykje av industrien slit med ingeniør­mangel og oljefyrde lønskostnader – inkludert ein del industrigreiner som kanskje er meir framtidsretta enn oljeutvinning.

I vinter stengde til dømes solcelleselskapet REC ned det meste av produksjonen sin i Noreg, på grunn av kostnadsnivået. Eit anna talande døme er lagnaden til elbilselskapet Think: Etter mange år med underskot vart konkursbuet i fjor selt til ein russisk oligark. Men femten av ingeniørane i Think slapp å flytte langt, skreiv Teknisk Ukeblad i fjor: Dei hoppa over til naboselskapet på Fornebu, Aker Solutions, som lagar avanserte undervassløysingar for olje­­­industrien.

LES OGSÅ: Myten om den reine, norske oljen

Adjø, moderasjon
Når eit selskap som Rec må flagge ut verksemda si, er det eit typisk døme på utviklinga til norsk industri i oljealderen, meiner Ådne Cappelen. Han er økonom og forskar i Statistisk sentralbyrå og har arbeidd mykje med lønsdanning.

– Eit selskap kan godt lage framtidsretta produkt, og produksjonen deira kan vere effektiv. Men det norske kostnadsnivået er høgt, og det gjer konkurransen vanskeleg. Dette er eit problem for mykje industri i den grøne sektoren i Noreg, seier Cappelen.

– Kva konsekvensar får det for eit land når oljesektoren blir så stor og så mykje meir lønsam enn alt anna?
– Desse problema har vore diskuterte heilt sidan oljeverksemda kom til landet i byrjinga av 70-åra. Da var politikarane urolege over kva verknad oljeindustrien ville få på norsk økonomi, ikkje berre gjennom bruken av oljeinntektene. Stortinget la opp til eit moderat utvinningstempo, for at verknadene på resten av økonomien ikkje skulle bli for store. Men den politikken vinka ein heilt adjø til på 1990-talet.

Cappelen trekkjer fram det kjende omgrepet «hollandsk sykje», som stammar frå Nederlands erfaring med gassinntektene på 1960-talet. Denne sykja handlar ikkje berre om at bruken av inntektene frå olje og gass kan skape inflasjon i ein økonomi.

– Det handlar òg om alle ressursane som går til ein svært lønsam sektor og driv opp kostnadsnivået, seier Cappelen.

– Store delar av den industrien som var i Noreg i 1970, er borte. Stavanger som eg kjem frå, hadde både tekoindustri og hermetikkindustri. No er det berre museum att av dette. Andre næringar vart utkonkurrerte fordi dei ikkje kunne betale slik oljen gjorde. Alle bransjar som ikkje leverer til oljeverksemda, merkar dette i dag. Det er ikkje berre utlandet som er konkurrenten for norsk industri, det er òg oljenæringa.

Den store diskusjonen
– Økonomar skal vel helst ikkje felle verdidommar. Men er dette ei sunn utvikling for eit land?
– Det er ei betent problemstilling. Dei som er knytte til oljeindustrien, synest jo det er fint. Og dette er den mest lønsame næringa i landet, så kvifor skal ikkje ressursane gå dit? Men på lengre sikt er det eit problem at vi har blåst opp kostnadsnivået. Det kan bli vanskeleg å redusere det i framtida, seier Cappelen.

– Mange bedrifter har så høgt kostnadsnivå at dei ikkje er konkurransedyktige om dei skal levere til andre enn oljen. Vi byggjer no opp eit kjempestort fond og sparer det meste av oljepeng­ane. Men industristrukturen vår blir kanskje skadelidande.

– Du har før peika på at dei som vil ha høg utvinningstakt i Nordsjøen, må vere ærlege om at det fører til at meir konkurranseutsett industri går under.
– Ja, eg synest den problemstillinga har kome for mykje i bakgrunnen. Men dette er ein diskusjon som næringslivet må ta med seg sjølv, og han blir ikkje reist for alvor før nokon i nærings­livet set foten ned. Vi høyrer derimot ein del som klagar over at offentleg sektor veks. Men oljepengebruken i Noreg er eigentleg ganske nøktern, medan det går utruleg svære ressursar inn i oljeverksemda, seier Cappelen.

– No er det debatt om kor stor avkastning vi kan vente frå oljefondet, og om vi skal ha ein treprosentregel eller ein fireprosentregel. Men det er ikkje eigentleg det som er den store diskusjonen.

Om vi hadde halde att meir på tempoet i Nordsjøen, ville vi truleg hatt eit meir mangfaldig næringsliv i dag, trur Cappelen. Men det har vist seg politisk vanskeleg å bremse denne næringa.

– Dette er ikkje berre ei svært lønsam næring. Ho er òg vanskeleg å kontrollere politisk fordi ho har så sterke interesser med seg. Fråværet av diskusjon om utvinningstempoet seier noko om kor tung oljesektoren er i Noreg, seier Ådne Cappelen.

LES OGSÅ: Vil sletta studielånet til ingeniørar

Ein ustyrleg bransje
Dei politisk vedtekne måla om «moderat tempo» i Nordsjøen vart raskt gløymde.

Heilt frå den spede byrjinga av oljeverksemda i Nordsjøen var norske politikarar opptekne av at denne sektoren ikkje måtte vekse for raskt, mellom anna fordi det kunne gå ut over andre næringar. I stortingsmelding 25 frå 1973 heitte det at ein ikkje ønskte «rask og ukontrollert vekst i bruken av materielle ressurser», og det skulle ein unngå ved å halde eit «moderat tempo i utvinningen av petroleumsressursene».

Men trass i intensjonane om å halde eit «moderat tempo har Noreg tappa ned petroleumsressursane sine raskare enn alle større oljeland med unnatak av Storbritannia. Alle politisk vedtekne forsøk på å avgrense omfanget av oljeverksemda har blitt oppgjevne.

Det første taket som vart vedteke for utvinninga, var at produksjonen i norsk sektor ikkje skulle overskride 90 millionar tonn olje. Dette målet var i starten svært romsleg, det tok tid å få opp ein produksjon som mona i Nordsjøen. Statsminister Gro Harlem Brundtland forsvarte målet slik i ein tale i 1981: «Går vi lenger, kan vår økonomi bli svært oljeavhengig og omstillingene gi for store sosiale kostnader.»

Men mot slutten av 1980-åra gjekk oljeproduksjonen gjennom det vedtekne taket på 90 millionar tonn i året. Politikarane gav opp å setje grenser for produksjonen og prøvde i staden å avgrense investeringane i petroleumsverksemda.

Staten kapitulerer
I 1988 talfesta Stortinget eit tak for investeringane i petroleumssektoren på 25 milliardar kroner i året. Men likevel gjorde Stortinget dei neste åra ein serie utbyggingsvedtak som sende investering­ane rett gjennom også dette taket: Alt i 1993 var investeringane på 53 milliardar kroner. Olje- og energidepartementet hadde resignert fullstendig, går det fram av stortingsmelding 25, 1993–94: «Aktiviteten innenfor petroleumsvirksomheten er i vesentlig utstrekning avhengig av forhold vi ikke kan kontrollere», heitte det i meldinga.

Staten hadde altså gjeve opp å avgrense ekspansjonen til den største og viktigaste næringa i landet. Dette trass i at staten har ei rekkje måtar å regulere om­­fanget av oljeverksemda på, mellom anna gjennom tildeling av lisensar til leiteboring og utvinning.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

I 2011 var investering­ane i petroleumsverksemda på kring 150 milliardar kroner, melder Oljedirektoratet. I år er investeringane venta å auke til kring 170 milliardar kroner. Omrekna til datidas kroneverdi blir i så fall investering­ane i år fire gonger så store som det maksimumet som vart vedteke av Storting­et i 1988.

Som Kåre Willoch, ein mangeårig kritikar av den høge utvinningstakta, sa til NTB i 2002: «Stortingets styring av oljevirksomheten er en parodi på folkevalgt styring.»

LES SAKA I DAG OG TID!