Oda (25) vil ikkje bli brukt i hatpropaganda

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oda kjempar mot Odins soldatar

– Eg synest ikkje norske kvinner skal brukast i hatpropaganda. For alle norske kvinner, som ikkje har ein liten høgreekstrem i seg, burde det vere sjølvsagt at dei ikkje skal få bruka oss som ei unnskyldning.

25 år gamle Oda Horgen har med uro sett at Odins soldater har fått fotfeste i Noreg.

Denne helga var soldatane på plass i byar som Stavanger, Drammen og Kristiansand, ifølgje Adressa.

Talsmann i Odins soldatar i Noreg er tidlegare leiar i Norwegian Defence League (NDL) og tidlegare talsperson i islamfiendtlege Pegida. Ronny Alte har ovanfor Dagbladet kalla gruppa «ei privat natteramnteneste».

Ovanfor NRK har Alte gitt uttrykk for at dei særleg vil stogga overfallsvaldtekter utført av innvandrarar.

LES OGSÅ: AUF-leiaren: – Ingen blir fødde til å hata

Dei nye natteramnene
Borgarverngruppa Soldiers of Odin starta i den nordfinske byen Kemi i fjor haust. Sidan har det spreidd seg til fleire finske byar, som nyleg har fått oppretta asylmottak.

I dag har dei ifølgje organisasjonen sjølv godkjente grupper i USA, Canada, Tyskland, Danmark, Sverige, England og Australia – i tillegg til Noreg.

– Dei er ikkje interessert i å beskytte. Det dei vil er å få fram bodskapen sin. Hadde dei hatt lyst å beskytte hadde dei meldt seg inn i Natteramnene. Dette er ikkje menneskjer som ynskjer ro. Det er menneskjer som vil ta lova i eigne hender, seier Horgen, som fryktar gruppa vil oppsøkja problem.

Førre måndag tok Horgen initiativ og oppretta Facebook-gruppa «Ikke deres kvinne».

Ho reagerer på at Odins soldater bruker norske kvinner som unnskyldning for å ta lova i eigne hender, patruljere gatene og «praktisere høgreekstrem gjengkultur for open gate».

«Vi nekter å bli brukt i skremselspropagandaen for å spre hat, frykt og seperasjon i vårt nærmiljø!» står det på Facebook-gruppa, som på rundt eitt døgn fekk 1200 likar.

Det har vorte så stort at Oda freistar å få med seg fleire til å administrere gruppa.

Håpet er at dei skal vekse seg større rundt om i landet – på same måte som Odins soldater har gjort. Aller helst ser ho at Odins soldater har slutta å eksistere om ein månads tid.

Men sjølv om soldatane forsvinn frå gatene, så må me ikkje gløyme at haldningane framleis eksisterer, åtvarar 25-åringen.

Ho har vore inne på tanken, men foreløpig har ikkje «Ikke deres kvinne» arrangert nokon motdemonstrasjon mot Odins soldater, slik som klovnane i Finland.

Sjå NRK.no sin video av klovnane som trolla vekk Soldiers of Odin her.

Feministhore
I den svenske offentlegheita har feminisme og antirasisme gått hand i hand i fleire år. Horgen har henta inspirasjonen frå den svenske kampanjen #inteerkvinna og blogginnlegget «Ikke din kvinne!» av norske Linn Winsnes Rosenborg.

Horgen har fått smaka på det harde debattklimaet og har allereie vorte kalla ting som «jævla feministhore».

Som ung, norsk kvinne med ein utanlandsk forelder hadde ho nokre motførestellingar mot å stå fram offentleg, av frykt for nettroll.

Horgen har inntrykk av at feministar i Noreg ofte vert uglesett og at kvinner kanskje er litt redde for å kalla seg feministar. Men sjølv om ho fryktar å verte stempla som «raudstrømpe», har Horgen funne ut at det ikkje går an å la vere.

LES OGSÅ: Feminisme på svensk

Menn som elskar kvinner
Ho reagerer sterkt på at på at «våre kvinner» og «norske kvinner» blir sett opp mot «innvandrarmenn».

– Du kan ikkje, ikkje vere feminist, om du er kvinne og ser slikt. Det handlar ikkje berre om den høgreekstreme gruppa. Motpolen undergraver òg kvinners rettar. Men kvinner er på ein måte mellommannen, som ikkje har nokon agenda – utover at ein ikkje aksepterer å bli brukt i hatpropaganda, forklarar Horgen.

Ho trur at det å bruka kvinner i denne samanhengen kan få kvinnene sjølve til å tru dei treng vern, samt få mennene til å ynskja å hjelpa.

– Alle har jo ei kvinne dei er glad i. Mor si, syster si eller kjærasten sin. Om nokon seier at dei er i fare, så er det klart at menn har eit naturleg instinkt for å beskytta. Det er fint, og me seier ikkje at ein ikkje skal verna om medmenneska sine. Ein har borgarplikt til å stille opp, om nokon er i fare, understrekar Horgen.

– For me har høyrt den. «Då treng de ikkje vår hjelp. Det skal eg seie til deg, om eg høyrer deg skrike på gata». 

LES OGSÅ: Rapport: Unge veit for lite om valdtekt

Tilbake til 90-talet
Det er med frykt og uro ho ser at framandfrykta er på frammarsj i samband med flyktningstraumen som kjem til Europa.

For Horgen er det viktig å vise at det finst vanlege menneskjer, som står imot.

– Me er inne i ei tid der det veks såpass fort og det er såpass mykje hatkriminalitet og drit som skjer i verda, at me må i alle fall passe på at det ikkje veks her i Noreg, slik som det gjorde på 90-talet. Det var ikkje noko gøy for meg å vekse opp i Buskerud på 90-talet – og det var berre fordi eg var mørk. Det synest eg ikkje har ein plass i 2016, seier Horgen, og legg til:

– Eg har ikkje vore i ein ubehageleg situasjon der eg har opplevd å bli harselert med av ein muslimsk mann, dei gongane eg har opplevd å bli harselert med er det av menn frå liknande grupper.

LES OGSÅ: Spraya hakekors på barnehage

Den skjulte høgreekstremismen
Horgen ynskjer seg eit meir ope og inkluderande samfunn.

Ho er redd for utviklinga framover, dersom det norske samfunnet ikkje tek tak i høgreekstremismen, som ho meiner har fått blomstra i skjul for fokuset på islamsk ekstremisme.

Ho meiner desse gruppene er likare enn dei vil innrømma – og minst like skremmande.

– Eg kjem til å bli livredd om eg møter Odins soldatar på gata. Eg er mykje meir redd for å møta Odins soldatar, enn desse muslimske mennene. Det eg fryktar mest er å møte høgreekstreme og å verte utsett for hatkriminalitet, seier Horgen alvorleg.

LES OGSÅ: Høgreekstremistar modererer seg

Alte avviser kritikken
– Eg fattar ikkje kvifor me skal bli oppfatta som skremmande eller trugande, seier ein oppgitt Ronny Alte på telefon til Framtida.no.

Talspersonen for Odins soldater i Noreg avkreftar at dei vil ta lova i eigne hender.

– Me har eit tett samarbeid med dei ulike politidistrikta med strenge instruksar om kva me skal gjera. Me vil ikkje gripa inn fysisk med mindre det er fare for liv og helse. Då vert det vår borgarplikt å gripa inn. Me har nulltoleranse for alkohol, vald og rasistiske symbol og banner når me er ute på patrulje.

Alte trur gruppa si patruljering i Tønsbergs gater helga før denne, var ein medverkande årsak til at han ikkje kunne lese om nokre slåstkampar i lokalavisa.

– Det har vorte vridd til at me skal beskytta norske kvinner mot innvandrarar. Men vår bodskap er trygge gater for alle, understrekar Alte, som fortel om reaksjonar frå fleire takksame foreldre, som no meiner borna deira er tryggare på byen no.

Gruppa vil mellom anna filma narkotikakriminalitet og levera materialet til politiet.

LES OGSÅ: «Ein etnisk norsk vil kanskje svara at vi ikkje har rasisme i Noreg»

Fryktar ikkje konfrontasjonar
Alte nektar på det sterkaste for at gruppa er rasistisk motivert.

– Me har både innvandrarar og muslimar – kristne og ikkje-kristne i gruppa. Eg har vorte ringt opp av muslimar, som takkar meg for at eg tek kampen, fordi dei veit så fordømt godt at mange av dei som voldtek er muslimar. Men av frykt for vener og familie kan ikkje dei ta den kampen.

Alte sjølv omtalar seg som høgrepopulistisk, og meiner omgrepet høgreekstrem vert misbrukt.

– Men kvifor kan de ikkje berre bli med i Natteramnene?

– Fordi me ynskjer å gå kor me vil, med kven me vil og så lenge me vil. I tillegg har Natteramnene spesielt fokus på barn og unge, medan me vil ha trygge gater for alle.

– Er de redde for konfrontasjonar?

– Me er ikkje redde for at det skal kome, men me ynskjer det ikkje. Men kven er det som er problemet, er det oss – eller venstreekstremistar som reiser land og strand rundt for å oppsøkja oss?

Tønsbergs blad kunne melde om at motdemonstrantar i raude luer var ute for å passa på Odins soldater i Tønsbergs gater i helga, men dei svarte hettejakkene var ikkje å sjå.