Obama støttar Clinton. Men han kunne ikkje gjera det offentleg før no.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore liten tvil om at Barack Obama er fan av Hillary Clinton. At den første svarte presidenten støttar ho som kan bli den første kvinnelege presidenten i USA, har eigentleg vore kjend lenge – men det er først no Obama går ut offentleg og støttar Clinton.

Det gjorde han i går, med denne videoen:

Det skjer kort tid etter at det vart garantert at Clinton skulle bli presidentkandidaten for demokratane, etter ein seig kamp mot den meir venstreorienterte Bernie Sanders.

Unngjekk konspiratørane
Den seigliva Sanders, samt den eigentleg openbare støtta Clinton allereie har fått frå Obama, gjer at fleire stiller spørsmålet: Kvifor støtta ikkje Obama Clinton tidlegare?

Ein av grunnane, skriv Politico, er nettopp det at Bernie Sanders gjorde det så godt.

Bernie Sanders er ikkje ein vanleg politikar – han er ein politikar i spissen for ein gjeng som skrik etter revolusjon. Fleire i denne gjengen meiner at valkampen mellom Clinton og Sanders var rigga på førehand, av akkurat dei rike og etablerte som Sanders vil kjempa imot.

Politico snakka med David Axelrod, tidlegare rådgivar for Obama, som meiner at presidenten eigentleg gjorde Clinton ei teneste ved å venta så lenge som han gjorde.

– Han er veldig glad i ho, men såg at Bernie hadde ei rørsle bak seg. Hadde han hoppa på tidlegare, hadde han berre styrka ideen om at dei etablerte konspirerte saman, sa Axelrod.

Eller var det litt tidleg?
Nokon reagerer også på at Obama var tidleg ute med å støtta Clinton – berre få dagar etter at ho i praksis hadde slått ut Sanders. Liket var framleis varmt, skriv Washington Post, og kjem med tre grunnar til at Obama var såpass kjapp på labben.

For det første er Obama ein pragmatikar, og såg ikkje vitsen i å strekka ut kampen lenger, slik Sanders gjer no. For det andre: Obama kan, fordi han er president, leiar i det demokratiske partiet og elska blant demokratane. Sist, men ikkje minst: Kampen mellom Sanders og Clinton har gjort mykje for å splitta det demokratiske partiet. At ein høgt akta president som Obama går inn og gir støtte til ein av kandidatane, gjer det lettare å få partiet samla igjen.

No, med både Obama og fleire andre i ryggen, står kampen mellom Hillary Clinton og den kontroversielle Donald Trump i haust. Avgjersla kjem 8. november.

Før valet i 2012 laga me denne quizen om amerikansk politikk. Sjekk kor mykje du hugsar i dag.

Om Donald Trump vinn valet, får USA ein president nektar for klimaendringane. Kva skjer då?

Denne 15-åringen står i spissen for eit søksmål mot Obama, fordi han ikkje har handla raskt nok til å hindra klimaendringane.