Oasis-pianoet kan bli ditt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då har du ein sjeldan sjanse. Du kan nemleg sikre deg pianoet som pryda omslaget til bandets debutalbum, «Definitely Maby», frå 1994.

Pianoet skal nemleg seljast på auksjon og har ein utropspris på 12.000 kroner, melder musikkmagasinet NME.

Pianoet kan også sjåast på omslaget til albumet «Supersonics», og har dessutan vore flittig brukt i studio av band som The Charlatans, Manic Street Preachers, Stereophonics og Black Sabbath.

Slår du til og blir den nye eigaren av dette pianoet, kan ein glede seg over diverse riper, bulkar og raudvinsflekkar, alt inkludert i prisen.

– Vi sel pianoet då det no har spelt ut si rolle som studioinstrument. Det blei vel brukt opp igjennom åra, men er framleis eit veldig spelbart instrument, skriv seljaren på sidene til nettauksjonen eBay. (©NPK)