– Nynorskdebatten er pinleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsk- debatten er pinleg

Solhjell er sunnfjording, nynorskbrukar, stortingsrepresentant for SV i Akershus, i tillegg til å vere nestleiar og parlamentarisk leiar i partiet. Han har av målrørsla vorte kritisert for å knote, men nynorsk er ein viktig del av identiteten til Solhjell.

Han møter meg på Dasslokket rett over gata for Stortinget i Oslo. Bakgrunnen er sidemålsdebatten i vår. Mellom anna har landsmøtet til Høgre vedteke eit forslag om å kutte ut sidemålsundervisninga i ungdomsskulen og Høgre i Oslo kommune vil søkje om ny prøveordning med valfritt sidemål.

– Eg meiner argumenta til Høgre i nynorskdebatten er pinlege og dei viser den populistiske sida si med argumentasjonen. Argumentet om at me ikkje treng å lære eitt språk til, eller at det er for krevjande å lære nynorsk for dei som allereie slit i norskfaget held ikkje. Du kan prøve å føre argumentasjonen over på andre fag. Skal du til dømes ikkje lære engelsk fordi du ikkje kan norsk skikkeleg? Eller kutte ut likningar i matematikk fordi brøken var så vanskeleg, seier ein engasjert Solhjell.

SV-utval
Bård Vegar Solhjell meiner det er fleire måtar å få bukt med negative haldningar til nynorsken på.

– Det har vorte så lett å rakke ned på nynorsken. Ein kan seie dei sjukaste ting utan at nokon reagerer. Eg meiner me må slå ned på det. I tillegg må me gi lærarar i skulen meir kunnskap om faget og sørgje for at dei har gode haldningar.

Men han ser også at sjølve norskfaget kanskje treng endringar.

– Eg veit at Kunnskapsdepartementet jobbar med innhaldet i norskfaget og ser på korleis ein kan gjere undervisninga i nynorsk mykje betre og meir spennande.

I SV set dei ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på vilkåra til nynorsken.

– Arbeidsgruppa skal ha medlemmer som er aktive i målrørsla og i SV. Me skal sjå på tilhøva for nynorsken. Diskutere oss fram til korleis me kan skape haldningsendringar. I tillegg vil me sjå på konkrete problemstillingar som parallellutgåver og nynorskutgåver, seier Solhjell.

Tydelegare språkdebatt
Den tidlegare kunnskapsministeren vil ha ein tydelegare nynorskdebatt.

– Me har to språk i Noreg. Eg høyrer ikkje klagar frå land som Belgia, Nederland eller Sveits. Eg meiner at dersom ein skal ha ein språkdiskusjon, så bør ein snakke om ei utvikling mot eitt skriftspråk. Det er ikkje noko eg er samd i, men eit standpunkt eg kan respektere, seier Solhjell.

Og han meiner Høgre er utydelege på kvar dei eigentleg står i debatten.

– Argumenta til partiet heng ikkje saman med korleis Høgre som kunnskapsparti elles tenkjer i høve til andre fag. Dei meiner jo vanlegvis at alt må lærast. Eg trur ikkje at Høgre trur heilt på sine eigne argument, held han fram og viser til at Høgre i målsaka tradisjonelt har vore sprikande.

– Det er ein sterk språkleg og kulturell tradisjon i Høgre, særleg på Vestlandet. Dei har også språkentusiastar frå innlandet slik som musikaren, nynorskbrukaren og høgremannen Hallgrim Berg i Hallingdal. Men i målsaka er mitt inntrykk at fleirtalet i folket har fleirtalet i Høgre. (©NPK)

Kva meiner du om nynorskdebatten?