Nynorsk skaper åtgaum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg skreiv Hilde Sandvik, debattredaktør i Bergens Tidende, kronikken «Kjærleikens sørgereise». Der hevdar ho at Karrieresenteret ved Universitetet i Bergen (UiB) oppmodar studentar til skrive jobbsøknadar på bokmål dersom dei ynskjer jobb.

Karrieresenteret avviser kritikken. Rønnaug Tveit, dagleg leiar ved Karrieresenteret, er overtydd om at det ikkje er vanleg praksis å kome med slike oppfordringar.

– Vi oppmodar sjølvsagt ikkje til å skrive søknadar på bokmål. Vi oppmodar studentar til å skrive på den målforma som fell naturleg for dei, seier Tveit.

Språkleg identitet
Tveit fortel at grunnpilarane hos Karrieresenteret er å byggje fagleg og personleg sjølvkjensle.

Ho meiner at ein språkleg identitet i ryggen er viktig.

– Det fins ikkje uskrivne reglar, som det å søkje på det språket som det vert annonsert på, sjølv om mange meiner det.

Tveit har tiltru til at arbeidsgivar evnar å sjå bak språket, og ikkje let det avgjere kven som blir tilsett.

Dette vert stadfesta av Johan Meyer, forhandlingssjef ved Hordaland Fylkeskommune.

– Vi er heilt nøytrale til kva målform søknadane er skrivne på. Vi er på jakt etter den best kvalifiserte søkjaren. Godt, pregnant og presist språk er viktigare enn kva målform søknaden er skriven på, seier Meyer.

Hilde Sandvik forklarar at påstanden om Karrieresenteret handlar om eit spesifikt døme. Debattredaktøren fortel vidare at dømet er henta frå Twitter, der NRK-journalist Ann Iren Finstad tvitra følgjande:

«Etter endt mastergrad ved UiB var meldinga frå Karrieresenteret at skulle eg få meg ein jobb måtte søknaden skrivast på bokmål…».

Finstad ynskjer ikkje å kommentere tvitringa ovanfor Studvest.

Karrieresenteret ser ikkje vekk frå at slike enkelttilfelle kan ha oppstått blant dei 900 studentane som oppsøkjer dei kvart år.

Fordommar
Til tross for at Sandvik i sin kronikk slår eit slag for nynorsken, hevdar ho likevel at å skrive jobbsøknadar på målforma kan vere problematisk.

– Hadde eg fått spørsmål frå ein journalist om vedkommande kunne sende søknad til VG eller Aftenposten på nynorsk ville nok også eg ha frårådd det, seier debattredaktøren.

At det ikkje burde vere slik, er Sandvik likevel klar på.

– I augneblinken jobbar Elisabeth Skarsbø Moen, debattredaktør i VG, for å opne opp også VG for nynorsk. Det vil vere interessant å følgje med på om ho greier det, seier Sandvik.

Fordel med nynorsk
Martin Årseth, leiar for Studentmållaget i Bergen, meiner uansett at det er problematisk å oppmode til å skrive søknadar på bokmål.

– I alle guidar til jobbsøking vert det framheva at det er ein fordel å skilje seg frå mengda, og det gjer ein jo dersom ein skriv på nynorsk, fastslår Årseth.

Han meiner det er «veldig dumt» at Hilde Sandvik ville gått vekk i frå målforma si i søknadsskriving.

– Eg har aldri hatt problem med å få jobb, på tross av at eg har skrive søknadane på nynorsk.

Årseth skulle gjerne sett fleire kreative løysningar for å promotere nynorsken i samfunnsdebatten.
 

Les saka i Studvest!