≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk

«Nynorsk er nødvendig, men sein start er heilt unødvendig»

Ragnhild Lie Anderson
fredag 10. mars 2017 10.38

«Nynorsk er nødvendig, men sein start er heilt unødvendig» Anette Nerhus Bjelland og Noah Hovland og nokre av dei flinke skrivarane i klassen til Hildegunn Sæbø Heimro. (Arkivfoto)

Kompetansemåla i norsk etter 10. trinn slår fast at du skal kunne både hovudmålet ditt og sidemålet ditt like godt når du går ut av grunnskulen. Er du heldig og har nynorsk som ditt første skriftspråk, er ikkje det noko problem. Er du uheldig og startar med bokmål, har du derimot eit handikapp. Er du ekstra uheldig, får du ikkje prøva deg skikkeleg på å skriva dette skriftspråket før etter jul i niande klasse. Då skal du jammen vera både motivert og iherdig om du skal klara å bli tospråkleg i norsk.

Fordommane mot nynorsk som jamstilt skriftspråk med bokmål, kjenner me, for dei har me høyrt ofte. Hovudargumentet er ofte at det er unødvendig, men kjernen i denne påstanden byggjer som oftast på at det vert opplevd som vanskeleg å skriva nynorsk. Eg forstår denne frustrasjonen godt, for tre år på ungdomsskulen eller i verste fall berre tre semester, er altfor kort tid for dei fleste til å bli skikkeleg gode og stødige nynorskskribentar.

Mållova jamsteller dei to norske skriftspråka våre; nynorsk og bokmål. I læreplanen for grunnskulen forventar ein at elevane etter 10. årstrinn skal vera i stand til å skriva tekstar like bra både på nynorsk og bokmål. Korleis kan ein best hjelpa elevane til å nå dette målet? Er det då lurt å venta heilt til etter jul i niande klasse før elevane får opplæring i å skriva nynorsk? Ein del skular gjer faktisk det. Trur dei verkeleg det er realistisk at elevane både skal bli glad i og klara å meistra nynorsk like bra som bokmål på den korte tida når den språklege stimuleringa i samfunnet stort sett berre har føregått på bokmål? Er ikkje dette å gje elevane eit utruleg handikapp? Er det rart at haldningane og hetsen mot nynorsk som det ekle fæle emnet vert så sterk? Ikkje berre skal dei starta opplæringa i å skriva nynorsk seint på ungdomsskulen. Dei skal også samtidig få karakter på desse prestasjonane sine. Hadde du likt å stilla til konkurranse i ei grein du aldri hadde fått sjanse til å øva deg i?

LES OGÅ: Køyr på med nynorsk tidleg, Bergen!

Eg som skriv dette innlegget har eit anna handikapp. Eg er nemleg fødd og oppvaksen i Nynorskland. Språkleg sett er eg ikkje lei meg for det, men det kan gjera det vanskelegare for meg å nå ut med bodskapen min når eg ikkje har dei same røynslene, eller erfaringane som mottakar. I Nynorskland, eller Omvendtland, er det nynorsk som er det opplagde hovudmålet, og det er bokmålet, som er vårt sidemål, som skal bli like bra som nynorsken når me er ferdige med grunnskulen. Det går greitt. Ja, det er rett og slett enkelt for oss å læra bokmål. Kvifor er det slik? Jau, sjølv om me har lært nynorsk frå me byrja i skulen, har me samstundes bada i bokmål. Me har fått bokmålsstimulering gjennom bøker, radio, fjernsyn, reklame og  andre skriftlege kjelder samstundes. Hjernane våre har både bevisst og underbevisst jobba kontrastivt. Me har for lengst oppdaga at det finst ulike måtar å skriva norsk på, og me har leikt oss og herma både munnleg og skriftleg med denne variasjonen. Når me etterpå kjem ut i den store verda og møter alle dei som har lært bokmål først og nynorsk etterpå, møter me ofte inga forståing for verdien av skriftspråket vårt. Det er kommentarspaltene i nettbaserte medium eit tydeleg prov eller bevis på. Og det er ikkje rart. Eg forstår frustrasjonen. Når ein mislukkast med eit emne på skulen sjølv om ein klarer seg godt i mange andre, er det lett å gå til angrep på emnet og alle tilhengjarane av det i staden for å sjå på årsakene til at det er blitt slik.

Gjer borna dine ei teneste ved at dei får bada i det norskspråklege mangfaldet heilt frå dei er små. Lat dei høyra folk snakka ulike dialektar og les bøker til dei både på bokmål og nynorsk. På den måten kan dei bli meir språkleg stimulerte og nysgjerrige. «Å, ja mamma seier kyrne, pappa seier kuene, men det betyr det same.» Når dei så byrjar i skulen og skal læra seg å skriva norsk, vil dei alt ha kjennskap til at norsk har mange ord for det same. Dei lagar inne i hovudet sitt si eiga vesle ordbok over det norske språket, og hjernen har uavgrensa med plass til det. Ein rik ordbank vil ikkje vera eit hinder, men derimot til stor hjelp for dei når dei sjølve skal ordleggja seg og finna gode formuleringar i sitt eige språk.

Prosjektet «Nynorske lesefrø» bidreg til å ufarleggjera nynorsk ved Talgje barnehage i Finnøy. Les meir om det her!

Barn frå mange landsdelar har ofte eit austlandsk leikespråk, men elles ein heilt annan dialekt når dei er seg sjølve. Dette syner at dei alt er vortne språkleg medvitne, dei evnar å veksla mellom ulike kodar. Det viser at dei kan bruka språket som verkemiddel for å få fram skiljet mellom den fiktive og den røynlege, eller verkelege, verda. Er ikkje det ein rikdom? 

Har eg noko godt forslag til kva som kan gjerast? Trur eg at den fordelaktige tospråkssituasjonen som elevar frå nynorskland opplever også kan skje for dei som startar opplæringa med dei to skiftspråka i omvendt rekkefølgje? Ja, viss ikkje hadde eg ikkje ytra meg her. Eg meiner det finst gode løysingar på dette, og desse tiltaka vil også gagna, dvs. vera til fordel for å utvikla språkkjensla til mange fleire nordmenn enn i dag.

Viss du synest det er vanskeleg å lesa alle slags norsk og å forstå alle talemål i Noreg, må du vera klar over at det norskspråklege mangfaldet me har, er ein rikdom. Viss du framleis vil at nordmenn skal forstå svensk og dansk betre enn dei forstår oss og kvarandre, stør du det språklege mangfaldet. Viss du ikkje ønskjer at barnet ditt skal stengja lærdom ute ved å dra med seg negative haldningar til sidemålsopplæringa i skulen, bør du også stø opp om det språklege mangfaldet.

LES OGSÅ: Norsktimar utanom det vanlege

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim


Oppdatert: fredag 10. mars 2017 11.03
Kommentarar

«Nynorsk er nødvendig, men sein start er heilt unødvendig»
Ragnhild Lie Anderson er førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk, Universitetet i Bergen. Foto: UiB


Debatt

Brenn du inne med noko? Få det ut hos Framtida.no – me vil høyra di stemme! Skriv epost til tips@framtida.no!

Faktaboks

Tiltakslista mi er konkret og grei:

1) Lat borna dine få tilgang til både bokmål og nynorsk litteratur frå starten av og les teksten på nynorsk viss det er skrive på nynorsk, i staden for å omsetja det til bokmål som mange gjer. Barna er gløggare enn du er klar over. Dei spør om dei ikkje forstår eit ord, og på denne måten kan dei også læra seg synonym.

2) Legg til rette for rolleleik med ulike talespråk i barnehagen og ver vaken for at barnehagen har og bruker litteratur på begge skriftspråk.

3) Minn lærarane i barneskulen på at elevane må få snakka om det språklege mangfaldet og øva seg i å skriva enkle tekstar på både nynorsk og bokmål mens dei går i barneskulen.

Det viktigaste poenget mitt er at ein ikkje bør tillata at elevane må venta heilt til ungdomstrinnet før dei får prøva seg på å skriva nynorsk. Det er då me gjev dei eit handikapp, og det er ingenting som tilseier at det er nokon god strategi for å bli glad i og for å meistra dei to norske skriftspråka våre.

 
ANNONSE: