– Nynorsk er ein fordel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i veka fortalde Framtida.no at fleire bokhandlar på Vestlandet er lite flinke til å visa fram nynorske bøker. Onsdag fekk kjedemakta i bokhandlane noko av skulda, medan Ark-sjefen meinte ansvaret var dei lokale bokhandlane sitt. Torkjell Djupedal, forlagsredaktør og dagleg leiar i Selja Forlag i Førde, seier dette om det å selja nynorske bøker:

– Bokhandlarane seier til oss at det har blitt meir sentralstyring, men det er jo opp til bokhandlane sjølve å ta inn lokale bøker.

Han opplever likevel at dei lokale bokhandlane er flinke og tek inn lokale bøker.

– Og då er dei jo på nynorsk. Eg opplever at bokhandlane tek inn bøker etter kor lette dei er å selja og kor viktige dei er. Og det er heilt klart at no før jul er det lokale bøker som sel best. Eg likar å tru at det er interessa for bøkene som det er viktige, og ikkje språket dei er skrive på. Eg trur det heller er eit pluss at bøkene er skrive på nynorsk. Det blir skrive for lite bøker på nynorsk, og då er det snarare ein fordel at bøker er skrivne på nynorsk.

Det gjeld både her i Sogn og Fjordane og også i Bergen, som han meiner må vera Noregs største nynorskby.

Nynorskhovudstad
– I Bergen har det endra seg veldig dei siste åra til fordel for nynorsken, seier Djupedal, og viser til kommentar-artikkelen til politisk redaktør i Bergens Tidende, Sjur Holsen, som eit symptom på dette. I kronikken går inn Holsen inn for å gjera Bergen til nynorskhovudstaden i Noreg.

– Det er klart det at om ein skal klara å hamla opp med Oslo, så gjer ein dette betre med sitt eige språk. Berre sjå til Barcelona der dei no bruker katalansk. Om ein kan bruka nynorsk i Bergen òg, så får ein mykje større tyngde enn om ein bruker Oslo si eiga målform, seier Djupedal.

Låg-karbo på nynorsk
Sjølv har han opplevd noko skepsis til nynorske bøker i austlandske bygdebyar, men seier at i Oslo sentrum er bokhandlane gode nok til å forstå at nynorsk ikkje er noko hinder for godt sal.

I artikkelen på måndag var det ein bokhandlar i Volda som vedgjekk at dei stilte ut fleire lågkarbobøker på bokmål enn bøker på nynorsk.

– Hadde det vore lågkarbobøker på nynorsk er eg sikker på at dei hadde blitt stilt ut. Bokhandlane er jo mest opptatt av å selja, seier Djupedal.

Kva meiner du? Bør bergensarane satsa på å bli hovudstad for nynorsken?