Ny ulve-semje på Stortinget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre, Frp, Ap og KrF presenterte semja i ein hastig innkalla presseseanse i vandrehallen på Stortinget tysdag morgon.

– Det ligg i dette ei semje blant dei fire partia om at så snevert som ein har tolka dette, er vi ikkje einige i, seier KrFs parlamentariske leiar Hans Olav Syversen.

BAKGRUNN: Miljøminister Vidar Helgesen seier nei til ulvejakt

Tidlegare i år forsvarte Helgesen ulve-fredinga i Stortinget

Vil løyse striden
Saman med Frps Jan-Henrik Fredriksen, Arbeidarpartiets Terje Aasland og Eirik Milde frå Høgre presenterte Syvertsen eit forslag dei  meiner skal kunne løyse ulvestriden.

– Stortinget ber regjeringa så snart som mogleg, og seinast innan 10. mars, fremme ei sak om korleis forvaltninga av ulv, medrekna høvet til lisensjakt, kan gjennomførast i samsvar med Stortingets vedtak, heiter det i forslaget.

Helse og sikkerheit
Dei fire partia ber regjeringa spesielt sjå nærmare på to punkt i Naturmangfaldlova som tillèt uttak av ulv for å avverje skade på husdyr og eigedom og ut frå «allmenne helse- og sikkerheitsomsyn».

Dei krev vidare at det blir opna for lisensfelling av fleire ulv «dersom ny informasjon om skadepotensialet, eller annan vesentleg informasjon gjer dette mogleg» innanfor lovverket ein har i dag.

– Riv teppet under naturvernet
Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne er svært skeptisk til forslaget frå Høgre, Ap, KrF og Frp.

– Denne måten å prøve å omtolke lovverket på riv jo teppet under vernet lovverket er meint å gi til norsk natur generelt og ulv spesielt, seier han til NTB.

LES OGSÅ: – Ei skam å skyta 47 ulvar, sa Grøn Ungdom i fjor

Fekk du med deg Are Kalvø sitt skråblikk? Ulven gjer livet mykje betre for oss alle