Ny teknikk kan gjera CO2 om til stein

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved å pumpa CO2 inn i vulkansk stein har islendingane funne det som blir omtala som «the ultimate permanent storage». Eksperimentet akselererer ein naturleg prosess som gjer klimagassen CO2 om til kalkstein. Det skriv The Guardian.

Prosjektet på Island vart leia av ei gruppe frå University of Southampton, som har skalert opp eksperimentet slik at dei kan lagra 10 000 tonn CO2 i året. Prosessen kan også kopierast fleire andre stader, sidan steinen som blir brukt i eksperimentet er vanleg over heile verda.

Tre problem med eksperimentet
Prosessen er både enkel og effektiv, og kan gjera mykje for å ta brodden av utsleppet av klimagassen som bidreg mest til global oppvarming. I 2012 slapp me ut 39 milliardar tonn CO2 i verda, og  arbeidet med å redusera CO2-utslepp er sentralt for å halda togradersmålet. Omtrent halvparten av desse utsleppa blir tatt opp av havet, jorda og plantene, men resten går ut i atmosfæren.

Juerg Matter, forskaren som leia prosjektet på Island, seier til The Guardian at verda er nøydd til å ta handtera karbonutsleppa, og meiner denne prosessen kan bidra til nettopp det. No er både teknikken og utstyret klart til å brukast fleire andre stader, men Matter peikar på eitt problem: Manglande handling frå politikarane.

–  Kvifor ser me ikkje hundrevis av slike prosjekt? Det finst ingen insentiv for å gjera det, seier Matter til The Guardian.

Eit anna problem er vatn. Prosessen treng enorme mengder vatn for å gjennomførast – 25 tonn per tonn CO2 som blir lagra. Vatnet er sentralt i prosessen, sidan CO2 blir pumpa inn i vatnet for å hindra gassen i å ganske enkelt sveva vekk. Dette problemet kan likevel løysast ganske enkelt – ifølgje Matter kan sjøvatn brukast.

Det er også ein liten sjanse for at mikrobar i vatnet omdannar gassen til metan, ein endå meir potent klimagass. Dette skjedde ikkje på Island.

Det blir gjort mange klimagjennombrot, og du kan lesa om fleire av dei hos Framtida.no

På Høgskulen i Sogn og Fjordane lærer studentane korleis dei skal jobba imot klimaendringar.

Lurer du på kva karbonbudsjettet er? Her får du svaret.

No er Språkrådet i gang med å laga ei eiga ordliste for klima.