Ny rekord for Utkantfestivalen – igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Avisa Nordhordland.

Aldri før har så mange menneske vore samla i Skjerjehamn. Rundt 16.000 menneske var innom årets festival. Det er solid rekord. Alle tala er ikkje klare, men minst 15.800 var på plass i løpet av dei fire dagane. På laurdag reknar dei med at over 5000 menneske var innom.

På dei andre dagane var det 2800, 3800 og 4200, syner førebelse tal, sundag kveld.

– På Utkant i 2009 var me oppe i 1500 menneske innom på laurdagen, då tenkte me at shit, dette kan aldri verta større.

LES OGSÅ: Åtvarar mot veksesmerter i festival-Noreg

Utkantsjef Viggo Randal

– På Utkant i 2009 var me oppe i 1500 menneske innom på laurdagen, då tenkte me at shit, dette kan aldri verta større, seier festivalsjef Viggo Randal. I år var 16.000 menneske innom festivalen. Foto: Yngve Garen Sandal

Utkant er vorte ein institusjon
Det seier Utkant-sjef Viggo Randal til avisa Nordhordland. Festivalen har vakse jamt og trutt dei siste åra, og er no vorte ein institusjon for mange i Nordhordland, Sogn og Sunnfjord. Særleg laurdagen utpeikar seg som den store festdagen.

Dei måtte avvisa 130 båtar på laurdagen, og hurtigbåten som gjekk frå Bergen måtte avvisa rundt 100 passasjerar som ville vera med på laurdagen. No byrjar festivalen å stanga i taket på kor mange dei faktisk kan ha på området.

– Skal ein opp i mengd må me få bukt med mange flaskehalsar. Det er både på sjølve festivalområdet og logistikken inn og ut av området som er hovudavgrensinga. Det er ikkje lett å få ting til å gli med den vegen, seier Randal.

Difor håpar han at det mellom anna kan komma på plass fleire møteplassar og at det vert gjort noko for å forbetra sikten på eit par plassar.

– Men det gjeld ikkje berre for festivalgjestene, men for alle dei som ferdast langs vegen, seier han.

Med elendige vegar og minst like elendige parkeringsforhold krev det at interntransporten er på plass og fungerer. Difor har dei leigd inn minibussar, store bussar, hurtigbåtar, varebilar og lastebilar for å få alt til å gå unna.

– Me bruker rundt 750.000 kroner på transport i løpet av festivalen. Det er mykje pengar, men me hadde ikkje fått folk til å komma om me ikkje hadde det på plass, innser han.

– Sjarmen hadde forsvunne
Det hadde vorte billigare for dei å flytta festivalen.

– Me kunne arrangert den på fotballbana på Byrknes, men sjarmen hadde jo vorte vekke då, seier han.

Men ein auke i mengd festivalgjester, betyr og at fleire ting kan skje. På fredag kantra ein båt som låg i båthamna. 14 personar hamna i sjøen. Alle vart berga opp i god behald.

– Det er dumt at slike ting skjer, og eg trur dei   som var involvert fekk seg ein støkk. Men det er kjekt å sjå at beredskapen fungerer. Me fekk folk lynande kjapt opp att frå vatnet, seier han.

Det er rundt 60 frivillige i aksjon i løpet av kvar dag på festivalen. I tillegg er det leigd inn eit eige vaktselskap som har 16   mann i sving. I tillegg er politi, ambulanse og tolv sanitetsfolk på staden.

Den fyrste Utkantfestivalen vart arrangert i 2007. Då i samband med avdukinga av statuen av kong Olav. Då var det rundt 1500 innom i løpet av festivalen. No er den altså meir enn ti gonger så stor. Det betyr at ein ikkje kan driva festivalen basert på idealisme. Difor har Randal sidan 2013 hatt ei halv stilling som festivalsjef.

– Eg er vorten halvidealist no. Festivalen er vorte så stor at det er umogleg å handtera det på frivillig basis, seier han.

– Me måtte anten skalera det ned, elles så måtte me gje gass, seier han.

Dum Dum Boys

Dum Dum Boys var eitt av banda som spelte på Utkant i år. Foto: Yngve Garen Sandal

LES OGSÅ: Vestlandet på festivaltoppen

– Ingen vert rike
Naturleg nok gav dei gass. Randal er heller ikkje åleine om oppgåvene lenger.

– På det reint praktiske med booking og planlegging, er det meg som styrer det meste. Men Njål Wilberg, Linn Dyveke Wilberg og Berthe Randal er med i styret. I tillegg har me og ein stor stab utanom som er med og jobbar mykje. Det er fire-fem stykk til som gjer sinnssjukt mykje meir arbeid, seier han.

Ingen vert rike på prosjektet Utkant.

– Men me klarar å gjera opp rekningane, seier han.

På åtte års drift har dei gjort seg opp ein eigenkapital på 8000 kroner.

Auka inntekter, betyr berre auka utgifter til booking av artistar.

– Me bles alt ut att. Me har ingen ambisjon om å tena pengar, me vil berre laga den feitaste festen, seier han.

Dei fyrste åra plukka dei ut mellomkjente artistar dei hadde råd til. Men etter kvart som publikum kom på festivalen og inntektene auka, vert bookingane større. I 2015 stod mellom anna Bob Geldof, Beth Hart, Marit Larsen, Kvelertak og DumDum Boys på scena.

– Me har aldri brukt så mykje pengar på booking som i år, innrømmer han.

Vil ha Neil Young
– Og det er alltid eg som tvingar meg til litt meir berre. «Det sel seg sjølv dette», seier eg. Då er det greitt å ha med seg Linn, Njål og konemor til å dempa trongen til å bruka meir pengar heile tida, innser han med eit smil.

– Og det er eit vennlig demokrati her. Eg er open for andre   forslag   på bookinga, men eg har ein plan som eg vil ha ut i livet, seier han.

Arbeidet med Utkantfestivalen 2016 er   alt i gang.

– Kven drøymer du om å få til Skjerjehamn?

– Det var stort å ha Bob Geldof her ute. Men draumen hadde vore å fått Neil Young ut hit, seier han.  

Fyrst på onsdag reknar Randal med   at dei er ferdige med nedrigginga av festivalen og Utkant 2015 offisielt er over. Då skal Randal ha seg fri ein   periode, etter å ha jobba   over 20 timar i døgnet i fleire veker.

Kvar han skal seier du? På festival sjølvsagt.

– Eg var så heldig å vinna eit par billettar til Festidalen. Festivalar er gøy eg likar å sjå korleis ting fungerer og få tips og hint til kva ein kan gjera sjølv sluttar han

SJÅ OGSÅ: Bildespesial frå Vinjerock 2015!