– NTNU kan hindra medisinar til fattige

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart tredje menneske i verda manglar i dag tilgjenge på nødvendige medisinar. Ein ny rapport frå Changemaker undersøkjer korleis universiteta sørgjer at for medisinsk forsking kjem flest mogleg til gode. Rapporten viser at NTNU heng etter universiteta i Bergen og Oslo.

– Milliardar av menneske manglar tilgjenge til medisinar. Anten fordi dei er for dyre eller fordi dei ikkje finst. Etisk lisensiering er eit billeg og effektivt tiltak for betre global helse, seier leiar i Changemaker, Tuva Krogh Widskjold.

LES OGSÅ: Patent-strid på liv og død

Etiske medisinpatent
Noreg har eit mål om å finna løysingar innanfor patentsystemet for å sikra utviklingsland tilgjenge på medisinar. Éin slik måte er etisk lisensiering av forskingsresultat, der universiteta sørgjer for at patent dei sel ikkje stenger ute at det kan produserast billegare kopimedisin i marknader som ikkje har råd til originalen.

– Svært mykje medisinsk forsking skjer med offentlege midlar. Det skulle berre mangla at denne òg kjem dei fattigaste til gode, seier Widskjold.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen og rapportforfattar Erlend Langørgen. Foto: Changemaker

Store forskjellar mellom universiteta
Ifølgje rapportforfattar Erlend Langørgen er det store skilnader i korleis universiteta etterlever dette målet.

– Universiteta i Bergen og Oslo har retningslinjer for å sørgja for at resultata av medisinsk forsking med kommersielt potensial blir tilgjengeleg til rimelege prisar i låg- og mellominntektsland, seier Langørgen.

NTNU heng etter når det gjeld retningslinjer for etiske lisensar, ifølgje rapporten.

– Dersom NTNU set marknadslogikk framfor etikk, så kan det føra til mangel på nødvendige medisinar for fattige, seier Changemaker-leiar, Tuva Krogh Widskjold til Framtida.no.

NTNU: – Me kan bli betre
Björn Gustafsson (bildet), dekan ved Det medisinske fakultet ved NTNU, seier fredag til Framtida.no at dei tar problemstillinga på alvor:

– Me ser at retningslinjene våre kan forbetrast på dette området. Me vil derfor utarbeide retningslinjer for etisk lisensiering. Me har allereie vore i kontakt med dei medisin-etiske fagmiljøa ved NTNU og drøfta saka med dei. Me vil saman med våre fagmiljø vurdera korleis me betre kan ta vare på visjonen vår om kunnskap for ei betre verd blant anna gjennom etisk lisensiering.

Tuva Krogh Widskjold gratulerer NTNU med eit klokt val.

– Det er veldig kult. Det er viktig at norske universitet bryr seg om global helse. Me gler oss til å følgja med på korleis retningslinjene deira vil sjå ut.

UiO-rektor: – Universiteta har stort ansvar
UiO-rektor Ole Petter Ottersen var invitert til lanseringsseminaret til Changemaker-kampanjen. Han har tidlegare har jobba for å innføra etiske retningslinjer på det same universitetet som han no leier.

– Det er opplagt at me har eit stort ansvar, når me skal sørgja for at våre idear kjem samfunnet til gode, sa Ottersen.

Ottersen understrekar at universiteta sitt fremste formål er å gjera ny kunnskap tilgjengeleg. Han har tidlegare tatt til orde for «open access», blant anna på sin eigen blogg.

Samtidig finst det gode argument for å halda eit strengt patentregime, for utan høve til å tena pengar vil utviklinga stoppa opp.

– Patent må vernast, men viss me ser på tala så er ikkje dette eit gyldig argument. Fordi veldig få av inntektene til disse selskapa kjem frå låg- og mellominntekstsland, sa Ottersen.

Krev nasjonale retningslinjer
Rapporten gjev fleire tilrådingar, blant anna å gje innsyn i og evaluera grundigare eksisterande regelverk, og dessutan å innføra nasjonale retningslinjer for korleis slike regler skal lagast.

Changemaker-kampanjen «Fritt for medisin» føreslår fleire tiltak for å betra det globale tilgjenget på nødvendige medisinar.

– For å betra tilgjenget på medisinar i verda, er universiteta si lisensieringspraksis lågthengade frukt. Me foreslår òg å støtta eit nytt fond som premierer medisinar med stor helsefremjande effekt, avsluttar Widskjold.

Les òg intervju med den nye Changemaker-leiaren!