≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, mållova

NTNU er nynorskversting

Nynorsksyndinga i høgare utdanning held fram. Klageportalen til Norsk Målungdom syner at universitet og høgskular ikkje følgjer mållova.

Andrea Rygg Nøttveit
torsdag 22. desember 2016 12.18

NTNU er nynorskversting Hovudbygget til NTNU på Gløshaugen i Trondheim. Foto: Eirik Refsdal, Flickr

– Dette semesteret syner det same som dei tidlegare semestera: Lærestadane tek ikkje det språklege ansvaret sitt på alvor. Det verkar som om mange av universiteta og høgskulane ikkje tek seg bryet med å prøve å oppfylle krava frå mållova, og nynorskstudentane sit att som taparane, seier leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sære, i ei pressemelding.

Klageportalen
Ifølgje mållova har studentar rett på eksamen på eiga målform, men erfaring viser atmange studentar ikkje får eksamen på nynorsk, trass i at dei er meldt opp som nynorskstudentar hjå studiestaden sin.

I fjor oppretta difor Norsk Målungdom ein klageportal som hjelper studentane med å klage når dei ikkje får eksamen på rett språk. I tillegg til at klaga vert registrert hjå Målungdomen, går ho i kopi til Språkrådet, som pålegg lærestaden å svare for korleis dei vil hindre at noko liknande skjer igjen. 

Dette semesteret har det kome inn 15 klager via portalen. Nokre av klagene går på dårleg språk, men i dei fleste tilfella handlar det om at eksamen berre er tilgjengeleg på bokmål. Til Khrono fortel skrivar i Målungdommen, Kirsti Lunde, at alle dei store utdanningsinstitusjonane er representerte blant klagene.

– Rett og slett ikkje godt nok 
NTNU Gjøvik fekk i vår mykje merksemd for tullenynorsk i ei eksamensoppgåve, 
med frasar som «kvisleis» og «Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp av ny».

NTNU er framleis ein av verstingane. Til Khrono fortel  kommunikasjonsdirektør Christian Fossen, at rektor Gunnar Bovim tok ordentleg tak i nynorsk-saka etter Gjøvik-episoden og slo fast at slike feil ikkje skal finnast på NTNU.

– Vi skal ha høg kvalitet og oppgåvesettet skal finnast på dei målforma som det er bede om. Det skal òg vera eit korrekt godt språk. Utan at det skal vere ei orsaking, så er vi den største institusjonen, og tala våre vil av den grunnen på nokre område vere litt høgare enn på mindre lærestader, seier Fossen.

Ifølgje Sætre svarar dei fleste lærestadane med å lova å gå gjennom rutinane sine, medan fleire svarar med ei orsaking og at dei ikkje ynskjer at noko liknande skal skje igjen.

– Det er rett og slett ikkje godt nok. Mållova skal fylgjast, og då må ein gjere skikkelege tiltak, ikkje berre ynskje at problemet skal gå over, understrekar ho.

Vil leggja press på lærestadane
Fleire lærestader gjer ein god jobb med digitale eksamenar der det er lett å ha eksamenssettet tilgjengeleg på båe språk. Likevel opplever studentane ofte at dei får for dårleg informasjon om kvar og korleis ein vel språk i eksamensprogrammet, og det gjer at mange ikkje finn fram til den rette eksamensteksta.

Sætre oppmodar alle som opplever at studiestaden ikkje oppfyller studentane sine språklege rettar om å nytta seg av klageportalen, slik at dei får hjelp til å ta saka vidare.

– Du har rett til å få eksamen på ditt eige språk, og saman kan me leggje press på lærestadane for at dei skal skjerpe seg, avsluttar ho.


Oppdatert: torsdag 22. desember 2016 13.57
Kommentarar

NTNU er nynorskversting
Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, reagerer på at utdanningsinstitusjonane ikkje tek studentane sine språklege rettar på alvor. Foto: Ole Gunnar Dybvik og Mia Holvik


 
ANNONSE: