Norskkurs er nøkkelen

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norskkunskap viktig for velferd
Gi EØS-innvandrarar norskkurs no! Det er bodskapen i rapporten "Sosial Jumping", utgjeve av høgretenketanken Civita. Rapporten, som er signert Mathilde Fasting, konkluderer med at språkkunskap er avgjerande for å førebygge sosial dumping. 

Samstundes har norske kommunar, med Tysnes i spissen, byrja å sjå det store potensialet i arbeidsinnvandringa. Dei gjer som Fasting tilrår, og tilbyr norskkurs til arbeidsinnvandrarane frå EØS-områda.



Jumping, ikkje dumping
Rapporten “Sosial Jumping” har som mål å sjå på kva faktorer som er sentrale for å skape sosial jumping, eller sosiale hopp, på godt norsk. Sosial jumping blir nytta om prosessen der arbeidsinnvandrarar gjennom inntegrering gjer eit hopp på samfunnstiga, og får det del i fleire av fellesgoda i samfunnet. 

Jumping er det motsette av sosial dumping, eit omgrep som ofte vert nytta om den uetiske utnyttinga av billeg, utanlandsk arbeidsskraft.



Eit viktig poeng i rapporten er at norskkunnskap er den viktigaste faktoren for om arbeidsinnvandrarar “jumpar” eller “dumpar”. Det får spesielt store utslag med arbeidsinnvandrarar frå EØS, ettersom desse i dag korkje har rett eller plikt til å ta del norskkurs. 

Norskundervisninga har tidlegare vore ei sak mellom den enkelte arbeidsgjevar og arbeidstakar. Men, som raporten peikar på, har arbeidstakarar ofte har verken pengar, tid eller motivasjon til å ta del i norskopplæringa. Og det har vore langt frå alle arbeidsgjevarar som har kunne eller ville satse på arbeidsinnvandrarar ved å investere i norskkurs. 

Men bedriftane treng arbeidstakarar som kan norsk. Dermed blir norskkurs til alle nøkkelen til å få mest mogleg ut av arbeidsinnvandringa: Både for arbeidstakar som stiller sterkare på arbeidsmarknaden, og for arbeidsgjevar som får folk som meistrar arbeidsspråket.  

Les òg: Arbeidsinnvandrarar jumpar, og dumpar ikkje

Stort potensiale for distrikta
Sjølv om det ofte er på bygda og i distrikta det trengs arbeidskraft, kjem arbeidsinnvandrarane ofte først til dei større byane. I Tysnes kommune har dei teke konsekvensen av dette, og gått heilhjarta inn for å tiltrekke seg arbeidsinnvandrarar: Dei tilbyr norskkurs til alle og inviterer arbeidsinnvandrarar frå EØS spesielt til å slå seg ned. 

- Dette er ein vinn-vinn situasjon, seier ordførar i Tysnes kommune, Kjetil Hestad, til Bergens Tidende. 


Han meiner arbeidsinnvandring representerer eit stort potensial for kommunar som manglar folk: 


– Dei er på desperat jakt etter jobb. Me er desperate etter innbyggjarar, seier Hestad

.

Desperate tider i Europa

Den store auka av arbeidsinnvandrarar kjem som følgje av tronge økonomiske tider i Europa. Eurostat, det sentrale statistikkbyrået i EU, rekna i mai med at det var omlag 25 millionar arbeidslause i EU-landa. 

Særskilt er det dei unge i EU som slit: 22% av dei mellom 15 og 25 år står utan arbeid. Verst er likevel situasjonen i Spania og Hellas, der halvparten av alle unge er arbeidslause.



QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Det får store utslag for dei som lyser ut arbeid: I juni kunne BT melde at 1500 menneske hadde søkt på arbeid som gardshelp hos bonden Audun Hatlestad i Viksdalen, etter at jobben hadde blitt utlyst i europeiske databasar.



Viksdalen ligg i Gaular kommune, og med berre 2871 innbyggarar utgjer søkartalet på denne eine jobben halvparten av folka i kommunen. 

Tysnes-ordførar Kjetil Hestad meiner vi må gjere det vi kan for å skaffe arbeid til arbeidsinnvandrarar frå EU.



– Det kviler eit stort ansvar på oss alle til å sørgja for at dei som kjem frå Europa og prøver å få seg jobb i Noreg blir møtt og sett. Kommunane må bruka tid på å sjå om det er noko dei kan gjera for å få tilsett nokon av desse, seier Kjetil Hestad til NRK.